Bakteriar og erkebakteriar
Prokaryotane manglar cellekjerne
Prokaryotane blir kjenneteikna ved at dei ikkje har ein cellekjerne som er avgrensa av ein membran. Prokaryotane omfattar domena
- bakteriar
- erkebakteriar
Prokaryotane i dei to domena skil seg like mykje frå kvarandre som frå eukaryotane. Vi finn likevel alle formene for metabolisme hos begge domena, både heterotrofe, autotrofe og kjemotrofe. I tillegg formeirar prokaryotane seg vanlegvis ukjønna ved deling.
Bakteriar

Bakteriar er mikroskopiske, eincella og prokaryote organismar.
- Dei fanst på jorda allereie for 3,5 milliardar år sidan.
- Dei kan leve enkeltvis, parvis eller i koloniar.
- Mange beveger seg ved hjelp av flagellar.
- Dei finst i all verdas habitat, også inni og på menneske.
- Mange forårsakar sjukdom, andre er livsnaudsynte.
- Dei er viktige i ulike kommersielle prosessar, som i næringsmiddelteknologi og bioteknologi.
- Dei gjer ein viktig jobb i naturen ved å gjere næringsstoff tilgjengelege etter nedbryting.
Erkebakteriar

Erkebakteriar er til liks med bakteriane mikroskopiske, eincella og prokaryote organismar.
Dei liknar veldig på bakteriar når vi ser på dei i mikroskop, men både genetisk og biokjemisk skil dei seg frå bakteriane.
Nokre av artane lever i ekstreme miljø (til dømes i vatn med svært høgt saltinnhald og i varme kjelder).
Mange er kjemotrofe.
Nokon erkebakteriar omset hydrogengass og karbondioksid til metan (metanogene erkebakteriar). På denne måten er dei uavhengige av solinnstråling og livet på jordoverflata.