Artskonkurranse! - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Artskonkurranse!

Ta i bruk artskunnskapane dine, samarbeid med medelevar om å finne gode døme, og konkurrer mot andre lag. I denne aktiviteten må de bruke brei biologikunnskap og finne døme på artar som passar til ulike beskrivingar.

Kven er best til å kjenne att artar?

Del klassen inn i lag. Kvart lag skal bestå av to til fire elevar.

Innanfor laga skal elevane samarbeide om å finne døme på artar som passar til beskrivingane, og sanke flest mogleg poeng. Kvart lag får delt ut eit ark med beskriving av alle artane dei skal samle døme på.

Det laget som finn flest rette artar, vinn konkurransen og blir klassemeistrar i artsbestemming!

Bruk mobiltelefon!

Vi tilrår at de bruker mobiltelefonen til å ta bilete av artane de finn, i staden for å samle dei inn. På den måten tek vi betre vare på artsmangfaldet og forstyrrar ikkje økosystema meir enn nødvendig,

Reglar!

  • Det er viktig at laget samarbeider.

  • Det er ikkje mogleg å bruke same art som døme på fleire beskrivingar.

  • Artane må kunne dokumenterast med bilete.

Poengberekning

Bruk gjerne eit poengsystem som gir fleire poeng for artar det kan vere vanskeleg å finne. Døme: Artar det er lett å finne, kan gi 1 poeng. Artar det er vanskeleg å finne, kan gi 3 poeng.

Døme på artskonkurranse i ulike område

Forslag til poeng står i parentes bak kvar beskriving:
1, 2 eller 3 poeng.

Konkurrer i urbane område
  • lever i koloni (2)

  • svartelista (1)

  • døme på symbiose (2)

  • frøplante (1)

  • bruker trakéar til gassutveksling (2)

  • karsporeplante (2)

  • einfrøblada plante (2)

  • sopp (1)

  • har lukka sirkulasjonssystem (2)

  • har sagtanna blad (1)

  • har karakteristisk lukt (1)

  • driv pollinering (2)

  • thigmotropisme (1)

  • leddyr (2)

Konkurrer på fjellet
  • svartelista (1)

  • døme på parasittisme (2)

  • mose (1)

  • heterotrof organisme (2)

  • dvergart (1)

  • tofrøblada plante (1)

  • har finna blad (1)

  • har eitt eller fleire hjarte med eitt hjartekammer (2)

  • har ope sirkulasjonssystem (2)

  • formeirar seg med yngleknoppar (3)

  • rovdyr (3)

  • har heterotrof generasjonsveksling (2)

  • har sporehus (2)

  • har ytre skjelett (3)

  • planteforsvar (2)

Konkurrer i fjøra
  • raudalge (1)

  • frøplante (1)

  • dyreplankton (2)

  • blautdyr (1)

  • ein art som er vivipar (3)

  • har gjeller (1)

  • grønalge (1)

  • rovdyr (3)

  • kan formeire seg både kjønna og ukjønna (3)

  • fotoautotrof organisme (2)

  • pigghuding (2)

  • har isomorf generasjonsveksling (2)

  • har radiærsymmetri (2)

  • er utan "ekte" vev (3)

  • har eit hjarte med to hjartekammer (2)

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022