Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kjeldesjekk bileta

Gjer nettsøk og biletsøk, gjer kjeldekritikk og finn ut så mykje du kan om bileta.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

1 Har Obama møtt Malcolm X og Martin Luther King jr.?

Eit bilete av Obama saman med Malcolm X og Martin Luther King jr. har versert på nett i mange år.

Finn biletet, finn ut av biletet og fortel kva du finn ut om biletet.

2 Rare bilete oppstod på himmelen i Kitwe

1. mars 2017 blei eit bilete publisert i Zambian Observer i samband med eit nyheitsoppslag om at rare bilete oppstod på himmelen i Kitwe.

  • Finn du biletet?
  • Kva finn du ut om biletet?
  • Bruk strategien for å undersøkje biletet og finn ut så mykje du kan om dette biletet.
  • Bruk det du har funne ut om biletet til å avgjere om nyheitsoppslaget er falskt eller ikkje.
  • Del det du har funne ut med ein medelev. Del deretter med resten av klassen.

3 Ulykka ved eit atomkraftverk i Fukushima i Japan

I mars 2011 skjedde det ei ulykke ved eit atomkraftverk i Fukushima i Japan.

  • Finn og studer bilete av muterte blomar som blei publiserte blant anna på Imgur.com.
  • Gir bileta sterke bevis om forholda nær dette atomkraftverket?
  • Kvifor/Kvifor ikkje?
  • Del det du har funne ut med ein medelev. Del deretter med resten av klassen.

Relatert innhald

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist oppdatert 16.12.2019