Kva er ei historisk kjelde? - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er ei historisk kjelde?

Når vi skal danne oss eit bilete av historiske hendingar, er vi avhengige av å tolke kva ulike primærkjelder fortel.

Omgrep

Kjeldekritikk
er ei vurdering av historiske dokument (kjelder) for å avgjere om dei er til å stole på, om dei er truverdige.
Primærkjelde
er det originale materialet (dokument, bilete, brev og liknande) som historikaren bygger framstillingane sine på.
Sekundærkjelde
bygger på ei primærkjelde, og er ei tolking av denne.

Primærkjelder og sekundærkjelder

Historia, som vi kjenner henne, er eigentleg ei attforteljing basert på fragment som er overleverte til oss frå fortida. Desse fragmenta kallar vi kjelder, og dei kan vere alt frå bilete, film, lydband, brev (private og offentlege), aviser og plakatar. Sjølv små frimerke og myntar kan vere kjelder. Dette kallar vi primærkjelder.

Ein historikar som skriv ei lærebok eller lagar ein digital læringsressurs i historie, må bygge forteljinga si på nettopp slike primærkjelder. Den forteljinga han eller ho skriv, kallar vi då for ei sekundærkjelde.

Historikaren kan intervjue personar som opplevde tida han eller ho skriv om. Eit slikt intervju er òg ei primærkjelde. Men dessverre er det ofte slik at personen ikkje lever lenger, og kva då? Den heilskapen som primærkjelda var ein del av, er borte. Historikaren må då bruke dei få kjeldene som er bevart, for å lage ein ny heilskap, til dømes læreboka di.

Skildringar og leivningar

Ei kjelde kan lesast som ei skildring, ei forteljing om sjølve hendinga, om det som hende.

Førstehandsskildring
blir òg kalla augevitneskildring er opplysningar gitt av ein person som sjølv har vore til stades ved ei hending. Ei slik skildring inneheld det personen sjølv har sett og opplevd, fortalt ved eigne ord, bilete, film eller liknande.
Andrehandsskildring
er ei attforteljing av ei hending, ei skildring som er gitt att på grunnlag av noko andre har opplevd og fortalt om. Det kan til dømes vere ein avisartikkel frå samtida.

Eit døme på ei førstehandsskildring er forklaringa til ein person som sjølv har opplevd ei ulykke. Ein avisartikkel skriven av ein journalist som kom til ulykkesstaden seinare, er eit døme på ei andrehandsskildring.

Ei kjelde kan òg vere ei leivning som fortel om situasjonen kjelda er blitt til i. Er ulykkesforklaringa skriven på vanleg papir eller i eit skjema? Er det brukt blyant eller penn? Er skrifta klar og tydeleg eller utflytande og svak? Alt dette kan fortelje oss om personen som skreiv forklaringa, var roleg eller sterkt prega av ulykka.

Kjelder kan tolkast på fleire måtar

Det er viktig å hugse at læreboka eller den digitale læringsressursen du har tilgang til på skulen, berre er éin av fleire moglege måtar å tolke fortida på. Kjeldene kan tolkast forskjellig. Ei tolking frå førre generasjon blir ofte sett på som ei feiltolking av historikarar av neste generasjon.

I historiefaget er det derfor viktig å lære å stille kritiske spørsmål til læremiddelet. Kanskje kan dei kjeldene læremiddelet refererer til, tolkast på ein annan måte? Eller kanskje du heller ville ha lagt vekt på andre emne enn det læremiddelet ditt gjer?

Still spørsmål til kjeldene

I møte med primærkjeldene er det viktig å stille desse spørsmåla:

  • Kva slags kjelde er dette?
  • Når vart kjelda skapt?
  • Kven laga kjelda?
  • Kva var formålet med å lage denne kjelda?
  • Kor vart kjelda til?
  • Kvifor vart kjelda skapt?

Er kjelda truverdig?

Ein kan òg ha i bakhovudet at kjelder dessverre ikkje alltid er til å stole på. Det er derfor viktig å spørje om truverdet til kjelda. Kan vi stole på at det kjelda fortel oss, er sant?

Eit anna viktig spørsmål går på autentisiteten til kjelda. Er kjelda verkeleg så gammal som ho ser ut til? Kan vi stole på at kjelda er ekte? Dette kallar vi kjeldekritikk.

Kor finn eg kjeldene?

Arkivverket består av Riksarkivet, statsarkiva og dei kommunale arkiva.

Dei oppbevarer mange historiske kjelder som kan kaste lys over fortida.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Tyskland sigrar på alle frontar

Den 9. april 1940 marsjerte tyske soldatar i dei største byane og tok over den formelle styringa av landet vårt.

Oppgåver og aktivitetar
Max Manus – ein norsk krigshelt

Denne oppgåva tek for seg ei hending i livet til Max Manus og karrieren hans som motstandsmann og krigshelt under andre verdskrigen i Noreg.

Skrive av Patricia Haeck og Gunn Løwe. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019