Unngå å drukne i informasjon - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Unngå å drukne i informasjon

Internett flyt over av informasjon. Men korleis kan du raskt finne informasjon av høg kvalitet? Vi blir overfløymde av digital informasjon. Korleis symje i eit slikt hav av informasjon?

Tenk dykk at de har fått i oppgåve å lage ein podkast om eit fagleg emne. Her er det mykje informasjon som må på plass før de kan setje i gang. Korleis søke effektivt og sikre at den informasjonen du får tak i, har høg kvalitet? Dei fleste av dykk vil sikkert søke ved hjelp av søkemotoren Google først. Men er de sikre på at det er det luraste?

Nettleksikon

Korleis bør de gå fram for å søke etter den informasjonen de treng?

Når de startar med ei slik oppgåve, kan det vere ein fordel å starte med å skaffe dykk ei oversikt over emnet. Det beste de kan gjere for å skaffe dykk ei slik oversikt, er å bruke nettleksikon. Det finst mange ulike nettleksikon, men dei beste i norsk samanheng er Store norske leksikon og den norske utgåva av Wikipedia.

Prøv sjølv!

Bruke sentrale begrep for arbeidet de skal gjere. Lat oss seie god helse og mediekritikk. Bruk desse søkeuttrykka i søk i Store norske leksikon og i den norske utgåva av Wikipedia.

  • Finn du nyttig informasjon om emnet i desse nettleksikona?
  • Kva informasjon meiner du gir deg oversikt over emnet?
  • Kva er skilnaden i innhald i snl.no og Wikipedia?
  • Del det du fann ut, med ein medelev.

Offentlege nettstader og bransjenettstader

Offentlege organ som Stortinget, Regjeringa, direktorat, fylkeskommunar, kommunar, høgskular og universitet publiserer stadig meir informasjon. Denne informasjonen er viktige faglege kjelder fordi du kan gå ut frå at innhaldet på desse sidene er korrekt.

Internett som nyheitsmedium

Sidan det første tiåret på 2000-talet har Internett teke over meir og meir som nyheitsmedium, og heile mediebiletet har endra karakter. På nettet blir nyheitsbiletet oppdatert jamt, og talet på nyheitsmedium på nettet aukar kraftig. Artiklar frå ulike nyheitsmedium er skrivne av journalistar som på førehand har gjort ei kjeldekritisk vurdering av kjeldene sine for oss. Derfor kan vi i stor grad stole på denne informasjonen.

A-tekst/Retriever er eit nyheitsarkiv mange skular abonnerer på, der du har tilgang til dei viktigaste norske papiravisene, fagblada og magasina. Her finn du kvalitetssikra informasjon som du ikkje vil finne via ein vanlig søkemotor som Google.

Dersom du har tilgang til A-tekst ...

  • Bruk søkeuttrykka god helse og mediekritikk og søk i A-tekst.
  • Gå på jakt etter informasjon som er nyttig.
  • Gjer det same søket i nyheitssøket til Google. Kva fann du?
  • Del det du har komme fram til, med ein medelev.
Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017