Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Tips til oppstart av eige firma

I filmen nedanfor frå 2019 (lengde 07:46) får du gode tips frå Adam og Lasse frå Adams matkasse til kva du bør tenkje igjennom når du skal starte di eiga bedrift.
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler-Olsen / CC BY-NC-SA 4.0

Adams matkasse

I filmen ovanfor høyrer du om korleis Adams matkasse vart etablert. Her kan du plukke opp gode råd til kva du må tenkje på i oppstartsfasen. Adam og Lasse fortel innleiingsvis om idéfasen og avsluttar med å fortelje om kor viktig kundefeedback er.

Tips til oppstart

Vi kan samanfatte tipsa frå Adam og Lasse i følgjande gjeremål:

  • utvikle ein idé
  • velje namn og domene
  • setje saman eit team
  • finne målgruppe
  • finne ut kva som gjer bedrifta di unik
  • bestemme prisstrategi, satse på lågpris eller luksus
  • utvikle ein god design, sjå proff ut
  • rekne ut behov for kapital, finne finansiering
  • få hjelp av venner og kjente
  • jobbe hardt
  • kome raskt i gang
  • halde orden på økonomien
  • høyre på kundane, få, ta vare på og nytte kundefeedback
Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 05.02.2026