Oppgåve
Video
Fallgruver ved oppstart av eiga bedrift
Kva er årsakene til at mange bedrifter ikkje lykkast med bedriftsetablering? Reflekter, undersøk statistikk og sjå film.
Oppgåve
Kva er årsakene til at mange bedrifter ikkje lukkast med bedriftsetablering? Skriv ned dine eigne tankar.
Gå inn på Statistikk om overleving og vekst til nyetablerte føretak på SSB sine nettsider og finn ut kor mange av dei nyetablerte bedriftene som framleis er aktive etter fem år.
- Sjå filmen nedanfor (lengde 01:43), og skriv ned fallgruvene ved å etablere eiga bedrift. Kva trur du er dei tre viktigaste?
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler Olsen / CC BY-NC-SA 4.0
Finn døme på bedriftsetableringar, gjerne i lokalmiljøet, som ikkje har vore vellykka eller ikkje har vart over tid? Har disse bedriftene gått i nokon av fallgruvene som er nemnde i filmen?