Fagstoff
Hjelp til å starte ditt eige firma
For deg som har lyst til å starte eige firma, er det mykje hjelp å få. Her skal vi sjå på nokre av stadene du kan vende deg.

Kvar kan du få hjelp?
- Innovasjon Noreg
- Skatteetaten
- Etablerersenter
- Gründersenter i kommunar
- Gründerhubar
Kvar kan de søke pengestøtte?
- Nav
- kommunar
- fylkeskommunar
Digitale ressursar
Digitale verktøy
Det finst mange ulike faktureringsprogram og rekneskapsprogram på marknaden som hjelper deg med fakturaer og andre rekneskapsoppgåver. Skatteetaten krev at fakturanummer blir tildelt maskinelt, og at den som sender fakturaen, ikkje skal kunne endre nummeret. Rekneskapsprogramma tilbyr som regel også lagring av bilaga, som etter bokføringslova skal oppbevarast i minimum 5 år.