Forklaringsartikkel
Stillasskralle

Bilete: Würth AS / CC BY-NC-SA 4.0
Ein stillasskralle er ein koppnøkkel med skralle. Han er spesielt berekna til mutrane som blir brukte på stillas. Ved hovudet på nøkkelen er det enkelt å skifte retning, altså om ein skal skru til venstre eller til høgre.
Den spisse enden blir brukt til å sentrere hòl slik at det blir lettare å montere boltar og lås. I tillegg er det eit hòl i nøkkelen til å feste ei snor slik at nøkkelen ikkje fell ned.