Forklaringsartikkel
Kobolt

Bilete: Steinar Myhr / CC BY-NC-SA 4.0
Kobolt (Co) er eit metall med særs mange viktige eigenskaper i teknisk samanheng, noko som gjer det høgt verdsett. Det blir mellom anna brukt til å gjere batteri ladbare og sikre best mogleg yting på integrerte kretsar (kretskort) og halvleiarar.
Kobolt er òg eit særs omdiskutert metall. Dette handlar særleg om korleis sjølve mineralet blir vunne ut ved gruvedrift.