Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringer

Forklaringsartikkel

Krafse

Ei krafse er ein spade som du drar materialet med i staden for å løfte det. Ho blir brukt til å flytte og jamne ut jord, sand og stein.

Eit typisk døme er å jamne ut lag med sand i grøft der ein skal leggje kabel. Det er vanleg å gjere dette i samarbeid med gravemaskinføraren.

Krafsa eignar seg ikkje til «opphogging» av hard jord, då bruker vi heller nebb og spett.

Skrive av Kjell Brørs.
Sist oppdatert 02.10.2020