Starte eit aksjeselskap

Stifte eit aksjeselskap
Éin eller fleire aksjonærar kan stifte (opprette) og eige eit aksjeselskap. Eit aksjeselskap kan stiftast og eigast av éin eller fleire aksjonærar. Aksjonærar kan vere private personar og/eller selskap.
Du stiftar eit aksjeselskap på nettsida til Altinn.
Aksjeselskapet må òg registrerast i Føretaksregisteret. Først må de halde eit stiftingsmøte, der de skriv eit stiftingsdokument med vedtekter. De må òg halde ei konstituerande generalforsamling, som er eit møte for alle eigarane (aksjonærane).
Stiftingsdokumentet skal innehalde
- namn, adresse og fødselsnummer til alle aksjonærane
- opplysning om kor mange aksjar kvar aksjonær skal kjøpe
- beløpet dei skal betale per aksje
- fristen for å betale for aksjane
- namn på medlemmene i styret
- eventuelle særskilde avtalar
- vedtekter for selskapet
- opningsbalanse
Signering
Stiftingsdokumentet skal vere datert og signert av alle aksjonærane. Alle aksjonærane må òg signere stiftingsdokumentet i Altinn.
Registrering i Føretaksregisteret
Alle aksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret hos Brønnøysundregistera. Som vedlegg må de sende inn
- stiftingsdokumentet med vedtekter
- ei stadfesting frå banken på at aksjekapitalen er betalt inn
Kostnader ved å opprette eit aksjeselskap
Elektronisk registrering i Føretaksregisteret kostar 6 825 kroner (i 2026). Det er lov å bruke av aksjekapitalen for å betale registreringskostnadene.
Krav som aksjelova stiller til aksjeselskap
Alle aksjeselskap må følgje føresegnene i aksjelova. Og aksjelova stiller ei rekkje krav:
Krav til aksjekapitalen
- Aksjekapitalen må vere minst 30 000 kroner.
- Kapitalen kan vere fordelt på éin eller fleire aksjar.
- Alle aksjane må ha same verdi.
Krav til firmanamnet
- Namnet på føretaket må innehalde ordet «aksjeselskap» eller forkortinga «AS».
- Namnet skal ikkje vere villeiande.
- Det må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet.
- Det kan ikkje åleine bestå av namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune.
Krav som gjeld styret
- Alle aksjeselskap skal ha eit styre med eitt eller fleire medlemmar. Har styret berre eitt medlem, blir dette medlemmet rekna som styreleiar.
Styret har ansvaret for forvaltninga av selskapet og skal
- fastsetje planar og budsjett
- halde seg orientert om den økonomiske situasjonen i selskapet
- velje dagleg leiar
Minst halvparten av styret sine medlemmar skal vere busette i Noreg, ein EU-/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.
Medlemmene i styret kan bli haldne erstatningsansvarlege og strafferettsleg ansvarlege dersom dei opptrer aktlaust.
Krav som gjeld dagleg leiar
Eit aksjeselskap kan ha ein dagleg leiar. Dersom selskapet har dagleg leiar, har dagleg leiar ansvar for den daglege drifta innanfor rammene styret fastset og
- har møteplikt i styret
- skal leie og gjennomføre dei planane og strategiane styret har vedteke, gjennom den daglege leiinga av selskapet
- skal minst kvar fjerde månad, i møte eller skriftleg, orientere styret om verksemda, resultatutviklinga og stillinga til selskapet
Krav til vedtektene
Vedtektene bestemmer dei indre forholda i selskapet som ikkje er regulerte i lovverket. Vedtektene er bindande for selskapet.
Vedtektene skal innehalde opplysningar om
- kva selskapet heiter
- kor stor aksjekapitalen er
- kva pålydande aksjane har
- kva verksemd selskapet driv
- andre avgjerder
Krav som gjeld bokføring og rekneskapsføring
Alle aksjeselskap har rekneskaps- og bokføringsplikt.
- Alt kontantsal skal registrerast på eit kassaapparat eller i eit likeverdig system, jf. kassasystemlova.
- Dersom selskapet sel tenester basert på tidsbruk, må det kunne dokumenterast kor mange timar som er utførte.
- Årsrekneskapen må sendast inn til Rekneskapsregisteret.
- Næringsoppgåve 2 skal sendast inn som elektronisk vedlegg til skattemeldinga eller selskapsmeldinga.
- Aksjeselskap med enkle skatteforhold kan i staden levere Næringsrapport skatt.
- Rekneskap og vedlegg skal takast vare på i 5 år.
- Små aksjeselskap kan velje bort revisjon dersom driftsinntektene er under 7 millionar kroner, balansesummen er under 27 millionar kroner, og gjennomsnittleg tal på tilsette ikkje overstig 10 årsverk (basert på siste årsrekneskap).
Krav som gjeld betaling av skatt
Ein aksjonær kan vere tilsett og ta ut løn. Då trekkjer selskapet som arbeidsgivar skatten på førehand, på grunnlag av skattekortet aksjonæren har levert inn. Lønsutgiftene (brutto løn og arbeidsgivaravgift) blir kostnadsførte i selskapet.
For utbyte som blir delt ut til aksjonærane, skal det betalast 37,84 prosent skatt (for 2026).
Det skal òg betalast skatt av overskotet i eit aksjeselskap (for 2026 var satsen 22 prosent). Denne skatten, som blir kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er opptent.
Krav som gjeld betaling av meirverdiavgift (mva.)
Dersom selskapet omset for under 50 000 kroner per år:
- Selskapet skal ikkje fakturere kundane for meirverdiavgift (mva.) og får heller ikkje trekt frå inngåande mva. som selskapet har betalt.
Dersom selskapet omset for over 50 000 kr per år:
- Registrer selskapet i Meirverdiavgiftsregisteret og fakturer kundane for meirverdiavgift.
- Alle varer og tenester er mva-pliktige med mindre dei er særskilt unnatekne frå føresegnene i meirverdiavgiftslova.
- §5 meirverdiavgiftslova spesifiserer kva som fell utanfor lova.
Krav til fakturaene
Fakturaene må innehalde
- namn og adresse på kjøpar og seljar
- organisasjonsnummeret til seljaren – med ordet «Føretaksregisteret» føre og bokstavane «MVA» bak
- fakturanummer, dato og årstal
- forfallsdato
- kva slags yting det gjeld, og omfanget av ytinga (dvs. kva som blir selt, og kor mykje som blir selt av det)
- beløp og spesifisert mva-sats og mva-beløp
- bankkontonummer
Vurder å bruke ein rekneskapsførar
Aksjeselskap har rekneskapsplikt. De kan føre rekneskapen sjølv, men skattemyndigheitene tilrår å bruke ein rekneskapsførar dersom ein ikkje kan så mykje om rekneskapsføring frå før. Dersom de bruker revisor, må denne vere autorisert.
Har selskapet tilsette?
Både aksjonærar og andre kan vere tilsette i aksjeselskapet. Dersom selskapet har tilsette, må de
- registrere dei tilsette i Aa-registeret hos Nav
- teikne yrkesskadeforsikring for dei tilsette
- skrive arbeidsavtalar for alle arbeidsforhold
- opprette ein skattetrekkskonto i banken
- betale arbeidsgivaravgift på (satsen varierer 0–14,1 % avhengig av sone/kommune) 6 gonger i året
- betale feriepengar til dei tilsette (minimum 10,2 prosent)
- lage ein HMS-plan (plan for helse, miljø og sikkerheit)
- betale oblitorisk tenestepensjon for dei tilsette (minimum 2 prosent)
Personlege rettar
Kva slags personlege rettar du har, er basert på kva du tek ut i løn. Kva du tek ut i utbytte, påverkar ikkje dei personlege rettane dine. Som lønstakar blir du rekna som ein «vanleg» tilsett, sjølv om du jobbar for ditt eige selskap. Du har dei same personlege rettane som alle andre tilsette.
- Du har rett til 100 prosent sjukepengar frå første sjukedag. Det er selskapet som betaler sjukepengane dei første 16 kalenderdagane.
- Du har rett til dagpengar dersom du blir arbeidsledig.
Artikkelen er utarbeidd i samarbeid med Etablerarsenteret.