Lag resultatbudsjett for Sikkerheitsvakt AS
Med utgangspunkt i tala som er oppgitt nedanfor, skal du lage resultatbudsjett for det første året til Sikkerheitsvakt AS.
Salsinntekter: kr 1 500 000
For å oppnå desse inntektene må Torhild og Bjarne jobbe hardt og ta helgevakter i tillegg til ordinær vaktteneste.Løn: kr 450 000 brutto per tilsett per år
Arbeidsgivaravgift: 14,1 % av bruttoløna
Husleige: kr 10 000 per månad
Bedriftsforsikring: kr 1 500 per månad
4 sett uniformer: kr 10 000 per sett
Uniformene må godkjennast av politiet før bruk.Kommunikasjonsutstyr: kr 35 000
Marknadsføring: kr 1 000 per månad
Avdrag og renter på lån : kr 4 200 per månad
Dei vil låne kr 500 000 med 3,5 % effektiv rente og ei nedbetalingstid på 10 år.Andre driftskostnader: kr 2 000 per månad
Kva synest du om resultatbudsjettet? Er tala realistiske?
Berekn og vurder resultatgrada.