Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Steinars nærbutikk AS

Steinar Graven har tilsett deg som lærling i salsfaget. Steinar liker å ha god oversikt over økonomien i bedrifta. Han får hjelp av eit rekneskapsbyrå til å føre rekneskapen, men lagar budsjetta sjølv. Du skal i oppgåva hjelpe Steinar med å lage budsjett, og dessutan utføre ein budsjettkontroll.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Steinars nærbutikk AS har eit avgrensa vareutval, men har lang opningstid både på kvardagar og i helga. På kveldane har han ungdom som jobbar for han. Butikken har flest lokale kundar, men i feriane er det òg hyttebuarar som stikk innom.

Bruk vedlagde Excel fil som arbeidsdokument til alle tre oppgåvene.

Oppgåve 1. Resultatbudsjett

Steinar har fått rekneskapen for siste kvartal (Q4) i 20X1, og no skal han lage eit resultatbudsjett for 1. kvartal (Q1) i 20X2.

Resultatrekneskapen 20X1, Q4

Kalkulasjon

Kroner

Salsinntekter

1 300 000

– varekostnader

550 000

= bruttoforteneste

750 000

Faste kostnader:

Lønn

250 000

Husleige

60 000

Reklame

30 000

Avskriving

27 000

Andre driftskostnader

136 000

– sum faste kostnader

503 000

= resultat

247 000

Resultatbudsjettet for Q1 i 20X2 skal ha følgjande endringar i forhold til resultatrekneskapen for Q4 20X1:

  1. Salsinntekta er forventa å auke med 10 %.

  2. Bruttofortenesta er forventa å auke til 80 % av budsjettert salsinntekt.

  3. Lønn blir auka med 10 000 kr kvar månad.

  4. Reklame blir auka med 20 %.

  5. Andre driftskostnader blir auka med 3000 kr kvar månad.

  6. Husleige og avskrivingar er uendra.

Oppgåve 2. Likviditetsbudsjett

Steinar ønskjer òg å lage eit enkelt likviditetsbudsjett for dei tre månadene i 1. kvartal (Q1) 20X2. Bruk følgjande informasjon når du lagar likviditetsbudsjettet:

  1. Hent inn relevante tal frå resultatbudsjettet du laga for Q1 20X2 i oppgåve 1.

  2. Den inngåande behaldninga er på kr 150 000.

  3. Salsinntektene varierer, og fordeler seg slik:
    januar: 20 %, februar: 30 % og mars: 50 %.

  4. Varekjøpet fordeler seg med 80 % på januar og 20 % på februar.

  5. Reklamekostnaden blir betalt i januar.

  6. Andre driftskostnader blir likt fordelte på dei tre månadene.

Tenk over

Kvifor er ikkje avskrivingar med i likviditetsbudsjettet?

Om inngåande behaldning var på kr 100 000 (i staden for kr 150 000), kva konsekvensar ville det ha fått for likviditetsbudsjettet?

Oppgåve 3. Budsjettkontroll

I april 20X2 får Steinar resultatrekneskapen for 1. kvartal. Han vil då gjennomføre ein budsjettkontroll og reflektere over positive og negative avvik.

Resultatrekneskap 20X2, Q1

Kalkulasjon

Kroner

Salsinntekter

1 211 520

– varekostnader

399 000

= bruttoforteneste

812 520

Faste kostnader:

Lønn

275 000

Husleige

60 000

Reklame

35 000

Avskriving

27 000

Andre driftskostnader

139 000

– sum faste kostnader

536 000

= resultat

276 520

Du skal utføre budsjettkontroll med utgangspunkt i budsjettet du laga i oppgåve 1, og resultatrekneskapen for Q1 20X22 som oppgitt.

  1. Utfør budsjettkontrollen i Excel.

  2. Kva avvik er positive?

  3. Kva avvik er negative?

  4. Kva for nokre negative avvik er du mest uroleg for?

Løysingsforslag

Skrive av Cecilie Lund.
Sist oppdatert 21.01.2022