Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for publisering av bilete

Veit du at lova seier at dei som er avbilda, har rett til å bestemme kor mykje og på kva måte biletet skal brukast?
Foto av ungt par som kyssar på ein fest.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Retten til eige bilete er nedfelt i åndsverklova

Hovudregelen

Hovudregelen i åndsverklova er at "Fotografi som avbilder en person, kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av den avbildede [...]" (Åndsverklova, 2018, § 104).

Du har altså etter regelen retten på bilete av deg sjølv, og det betyr at du òg har rett til å få avpublisert bilete du ikkje har gitt samtykke til at skal publiserast.

Unntak frå hovudregelen

Det finst likevel viktige unntak. Bilete kan publiserast når dei

  • har aktuell og allmenn interesse, til dømes når aviser publiserer nyheiter

  • avbildar personar som er mindre viktige enn hovudinnhaldet i biletet

  • attgir forsamlingar, folketog i friluft eller hendingar som har allmenn interesse

Situasjonsbilete

Bilete med aktivitet eller ei hending som motiv blir omtalte som situasjonsbilete. Kven som er på biletet, blir mindre viktig enn hovudinnhaldet. Dersom situasjonsbilete er av allmenn interesse eller attgir offentlege hendingar, kan dei publiserast utan samtykke. Døme kan vere eit bilete frå eit politisk møte, eit idrettsarrangement eller ein konsert. Grensene er likevel ikkje alltid klare for om eit bilete lar seg publisere.

Samtykke av barnebilete

Bilete av små barn kan attgivast berre etter samtykke frå føresette. Den som samtykker til bruk av eit bilete, må ha nødvendig grad av modenskap og forståing. Det handlar mykje om alder, mental tilstand, kva slags bilete det er snakk om, og kva bruk biletet er tenkt til.

Mindreårige kan samtykke, men her må fotografen vise større varsemd. Ifølge barnelova skal barn givast større sjølvråderett med alderen og fram til dei er myndige (Barnelova, 1981, § 33).

Her er nokre døme som kan fungere som rettesnor:

  • Ein femåring kan ikkje avbildast i avisa utan at ein forelder har samtykka.
  • Ei jente eller en gut på 16 år kan, trass i eige samtykke, ikkje bli avbilda som nakenmodell.
  • Ein femtenåring kan samtykke til bruk av eit bilete frå eit idrettsstemne.

Vurder bileta!

Sjå på dei to bileta nedanfor (du kan dra i glidebrytaren for å få sett meir av dei). Korleis vurderer du dei ut frå teksten du nettopp har lese? Synest dei burde kunne publiserast utan samtykke? Kvifor/kvifor ikkje?

Betre føre var...

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vite om du har å gjere med eit situasjonsbilete eller eit personbilete. Er du usikker, be alltid om samtykke!

Kjelder

Barnelova. (1981). Lov om barn og foreldre (LOV-1981-04-08-7). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1981-04-08-7

Datatilsynet. (2020, 19. mai). Bilder av barn. https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/skole-barn-unge/bilder-av-barn-pa-nett/

Datatilsynet. (2019, 9. september). Deling av bilder. https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/internett-og-apper/bilder-pa-nett/

Åndsverklova. (2018). Lov om opphavsrett til åndsverk (LOV-2018-06-15-40). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2018-06-15-40

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Opphavsrett