Hopp til innhald

Fagstoff

CASE: Statoil-symbolet, eit plagiat?

Lagar du som designar ein logo som liknar for mykje på ein annan logo, kan det bli ein dyr fornøyelse for kunden.
Statoil-logo. Foto.

Ein kostbar fornøyelse for Statoil

Har du som designar laga ein logo som liknar for mykje på ein annan logo, kan det bli ein dyr fornøyelse for kunden din. Dåverande Statoil enda opp med å betale eit sekssifra beløp i eit forlik med Norges Husflidslag. Årsaka var at Statoil, ifølgje medlemmar av Norges Husflidslag, hadde laga ein logo som likna for mykje på Selburosa i Husflidlaget sin logo.

Selbuvott. Strikkevott med selburose. Foto.

Vi vil aldri få vite om Norges Husflidslag ville fått gjennomslag for påstanden om at Statoil hadde «stole» Selburosa. Saka gjekk aldri til retten.

Antakeleg ønskte ikkje Statoil å få ein rettssak rundt den nye logoen. Ein slik rettssak kunne ha blitt dårleg PR, uansett om dei hadde tapt eller vunne. Derfor valde Statoil å inngå eit forlik.

Partane kom fram til ei løysing som gikk ut på at Statoil inngjekk ein sponsoravtale med Norges Husflidslag, som Husflidslaget var godt fornøgd med, og som samtidig framheva Statoil sin nasjonale profil.

Negativ publisitet for Statoil

Saken skapte uansett ei form for negativ publisitet. Ikkje berre er plagiering i verste fall i strid med opphavsretten, men ei slik handling set også den som har kopiert i eit dårleg lys.

Det var ikkje uventa at designarane bak Statoil sin logo bedyra at dei ikkje hadde vore merksame på likskapen mellom dei to logoane.

Vi kan konkludere med at det hadde vore lurt å undersøkje om design som liknar, finst allereie. Vi veit ikkje om designarane ville ha tenkt at likskapen mellom dei to logoane var like stor som medlemmane av Norges Husflidslag syntest.

Likevel er dømet ei åtvaring om at designarar bør gjere søk på nettet før dei slår seg til ro med at dei har laga ein logo som ikkje krenkjer opphavsretten til andre designarar.

Kvinne ser opp og tenkjer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å teikne av ein design er kopiering

Som MK-elev meiner du kanskje at du har ditt på det tørre når du har strevd i timar med å teikne av ein eksisterande logo eller illustrasjon i Illustrator – eller kanskje du seier 'trace'. Men dette er like fullt snakk om kopiering, og ein kopi er framleis ein kopi, uansett kor stort arbeid du har lagd ned.

Les om saken: Statoil stjal Norges Husflidslaglogo på Dagbladet.

CC BY-SASkrive av Andreas Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Opphavsrett