Hopp til innhald

Fagstoff

Framstilling av aluminium

Her skal vi sjå nærmare på korleis aluminium blir framstilt.
Metaller: i arbeid med smelting av aluminium. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Råvara

I Mellom- og Sør-Amerika finst ein raud jordart som blir kalla bauxitt. Namnet kjem frå byen Le Baux i Frankrike der jordarten først blei oppdaga. Denne jorda inneheld cirka 25 prosent . Etter foredling til aluminiumoksid er innhaldet 50 prosent aluminium. I denne forma blir råvara frakta med båt til mellom anna Noreg, der ho blir foredla vidare til aluminiummetall i elektrolyseverk.

Elektrolyseprinsippet. Illustrasjon.

Smelteelektrolyse

Aluminiumoksidet har same forma som strøsukker og blir sogen opp frå lasterommet på båten til siloar ved elektrolyseverka. Det kan ta to veker å tømme eit skip. Dei eldste av desse verka i Noreg ligg inst i fjordane der transporten av elektrisk energi blei kortast.
Dei seinare åra har vi kunna transportere straumen med aluminiumkablar (mindre energitap) dit vi ønskjer langs kysten, slik at det har blitt kortare distanse for skipa å segle.

I støyperiet blir smelta tømd i ein omn. Der blir òg andre metall tilsette smelta (legeringselement) for å kunne støype ut forskjellige legeringar. Dei utstøypte emna blir brukte til vidareforedling eller blir selde vidare som råvarer for ekstrudering, valsing eller støyping av forskjellige produkt.

Prinsippet for ekstrudering: Pressbolten er eit sylindrisk stykke aluminium som er oppvarma på førehand. Matrisa er verktøyet som aluminiumpressbolten blir pressa gjennom.

Film om bearbeiding av aluminium

Valsing

Prinsippskisse for kald-  og varmvalsing av aluminium. Illustrasjoon.

Valsing er ein prosess der flate valseblokker blir køyrde gjennom store valsepar. Godsstjukna minkar for kvar gong, sidan opninga mellom valsane blir mindre og mindre. På denne måten kan ein lage tynne band som blir brukte til å lage leskedrikkboksar eller til hushaldsfolie.

Valsinga skjer først ved cirka 400 °C fordi materialet har mindre fastleik ved denne temperaturen. Det er altså meir formbart og lèt seg lettare bli valsa ut til mindre tjukner. Vi kallar dette varmvalsing.

Seinare blir materialet valsa vidare ved romtemperatur. Dette blir kalla kaldvalsing. Hensikta kan vere å auke fastleiken i materialet. Du har sikkert lagt merke til at når du har bøygd ein metalltråd (for eksempel ein binders), blir han vanskelegare å rette ut der han tidlegare var bøygd. Fastleiken (styrken) har auka i materialet.

Ved kaldvalsing kan ein òg valse materialet ned til tynne foliar på berre 0,007 mm.

Formstøyping

Vi startar med å smelte metall og eventuelle legeringselement i ein omn. Smelta blir tømd i ei form som har eit holrom lik det produktet som ein ønskjer. Når metallet er størkna, blir forma fjerna, og den støypte delen blir teken ut. Til slutt blir han reinsa og slipt glatt på hjørne og kantar. Støypeformene kan lagast av forskjellige materiale som sand (herda med bindemiddel), stål eller gips.

Film om støyping av aluminium

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2018

Læringsressursar

Aluminium