Hopp til innhald

Fagstoff

Å lage trapp

For å gi eit innblikk i trevare- og bygginnreiingfaget skal vi ta for oss bygging av trapper. Trapper kan lagast av tre, betong, stål, glas og syntetiske materiale.

Byggje utan automatikk

Trapper blir i dag teikna og produserte med dataprogram og automatiske maskiner. Vi skal vise nokre grunnleggjande prinsipp for å byggje ei trapp av tre utan automatikk.

Trappeformelen

  • Trappeformelen: 2 opptrinn + 1 inntrinn = 600 til 640 mm
  • Opptrinn bør ikkje overskride 180 mm.
  • Inntrinnet bør vere minst 220 mm.
  • Stigningsvinkelen bør vere mellom 25 og 40 gradar.
Inntrinnet på denne trappa er 270 og opptrinn er 180. Vinkelen mellom underlag og forvangen er 34 grader. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utrekning

  • Høgd på trapp er 900 mm.
  • Vi vel 5 trinn og får: 900 mm / 5 trinn = 180 mm opptrinn.
  • Vi vel 270 mm inntrinn.
  • Stigningsvinkel blir 34⁰ fordi: 180/270 = 0,67 som er tangens til 34⁰.
  • Trappeformel: 2 x 180 mm + 270 = 630 mm

Som ein ser, er vi her innanfor det trappeformelen seier. Om vi minskar inntrinna, blir trappa brattare. Stigningsvinkelen blir her på 34⁰ som også er innanfor 25–40⁰.

Utstyr

  • Ein fresemal som blir tilpassa den tjukna og breidda ein vil ha på trinnet
  • Handhalden overfres med styrehylse
  • 2 stk. 90⁰ vinklar

Teikning

  • Vi teiknar direkte på vangane.
  • Set ein strek 25 mm frå kanten på begge sider av vangen for å avgrense trinnet.
  • Merk av inntrinn og opptrinn på vinklane (sjå teikning).
  • Trinna kan bli breiare enn inntrinnet dersom vangen er brei.
Merking for trinn på trappevange. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bygging

  • Vi bruker fresen med mal som passar trinntjukna.
  • Trinn og vange kan både skruast og limast saman.
  • Til slutt monterer vi handlist.
Trappevange og trapp. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikningsfil for SketchUp og andre teikneprogram

Trapp tegningsfil

Filer

CC BY-SASkrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2017

Læringsressursar

Bygginnreiaren