Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer og presenter ein epoke frå stilhistoria

Stilhistoria beskriv hovudsakleg estetiske kjenneteikn spesielt ved arkitektur, skulptur og biletkunst i ein gitt tidsepoke og knyter gjerne desse til den ideologiske og teknologiske situasjonen i epoken.

Menneske har alltid sett spor etter seg visuelt. Det finst fleire tusen år gamle holemåleri og helleristingar med bilete av dyr og menneske, og av scenar frå jakt og fiske. I dag blir det spraya graffiti på murveggar og T-banevogner. Aktiviteten er på sett og vis den same, men det visuelle uttrykket er forskjellig.

Vel ein stilepoke, set deg grundig inn i han og presenter for klassen.

Det øvste bildet er frå ein Dipylon vase frå gamle Hellas, frå ca 750 før tidsrekninga vår. Det nedste bildet er eit måleri frå 1915 og det ligg til stilepoken Futurismen. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lage ein presentasjon om ein stilepoke for klassen, slik at medelevane dine lærer meir om

  1. tidsperioden då denne stilepoken dominerte
    • Kva prega verdssamfunnet på den tida?
  2. kva folk var opptekne av på den tida
    • Var det mellomkrigstid og uro, eller kanskje hippietid og flower power?
  3. dei mest kjende kunstnarane innan stilepoken og kvar dei heldt til
  4. korleis uttrykka såg ut med tanke på
    • fargar
    • fontar
    • bilete og illustrasjonar
    • stil

Vis mange eksempel – peik og forklar!

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer