Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein plakat om vald i heimen

Éin av fem 12–16-åringar har vore utsette for vald heime. Det viser ein studie frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Halvparten fortel det ikkje til nokon.

Merk at oppgåva kanskje kan vere tøff å jobbe med for enkelte.

Reklameplakat for Amnesty med tittelen "Banket av Tommy". Hovedmotivet er ei kvinne med blåmerker i ansiktet. Reklameplakat.

Lag ein plakat om vald i heimen, og bruk kjenneteikn anten frå ein klassisk eller moderne epoke som verkemiddel for å understreke bodskapen din.

Plakaten har barn og ungdom som målgruppe og skal få utsette barn og unge til å søkje hjelp.

Bestem avsendar sjølv.

1. Førearbeid

Om vald i heimen

Finn ut mest mogleg om temaet. Gjer nettsøk på "vald i heimen", "vald mot barn" og "vald i nære relasjonar". Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har ein nettstad der de kan finne ein del relevant stoff om temaet.

Visuelle uttrykk av vald

Finn relevante visuelle uttrykk som behandlar temaet vald. Du kan bruke biletsøk på uttrykka presentert over, men finn òg eigne inngangar til visuelt materiale om vald i heimen.

Klassiske og moderne epokar

Finn ut meir om klassiske og moderne epokar. Kva epokar eller stilretningar kan styrke den visuelle framstillinga av temaet "vald i heimen"?

Vel ein epoke som inspirerer deg, og vel verkemiddel herfrå du vil bruke i plakaten du skal lage. Tenk over og bestem deg for kvifor du vel akkurat denne epoken og desse verkemidla.

2. Diskuter

Diskuter i klassen om det finst grenser for korleis de kan framstille "vald i heimen" i arbeidet de skal jobbe med.

Etikk og estetikk

Etikk handlar om kva som er riktig å gjere i gitte situasjonar. Kva bør du gjere?

Estetikk handlar om kvalitetar ved kunstnariske og visuelle uttrykk. Spørsmål som "Kva er vakkert?" og "Kvifor er det vakkert?" handlar om estetikk.

Når du lagar eit medieprodukt, vil du gjerne at det skal ha ein viss estetisk kvalitet. Den estetiske kvaliteten seier noko om kor god kompetanse du har.

3. Idéutvikling og produksjon

  • Arbeid i grupper. Del funn frå førearbeidsfasen. Diskuter kjenneteikn ved epokar og moglege val av verkemiddel. Jobb med å utvikle eigne og andre sine idear. Lag skisser av ulike idear, diskuter og vel retning i arbeidet. Bli òg samde om kor mykje informasjon og kva informasjon de skal ha med på plakatane.
  • Arbeid individuelt. Ta eventuelt eigne bilete. Vel kva komposisjonsprinsipp du skal bruke. Ha klart for deg i kva format og i kva(n) kanal(er) plakaten skal publiserast og/eller distribuerast.
Tips
  • Dersom fokuset er på uttrykket til plakaten, kan de hente inspirasjon frå ein retningane innan modernismen. Moderne stilar er kjende for enkle typografiske element og strenge grafiske reglar.
  • For inspirasjon til foto eller illustrasjon kan inspirasjon òg hentast frå tidlegare stilepokar, til dømes lys/mørke i clair-obscure i renessansen eller dramatikk i barokken.
  • Vil du starte med eit heilt konkret tips, kan du ta utgangspunkt i eit måleri frå kva epoke som helst og bruke verkemidla direkte frå måleriet og inn i arbeidet ditt.

4. Spørsmål undervegs

Undervegs i prosessen er det nyttig at du, medelevar og/eller læraren stiller spørsmål til arbeidet.

Viser arbeidet ditt

  • at "vald i heimen" er temaet?
  • at du er orientert om temaet og får klart fram kvar og korleis barn og unge kan søkje hjelp og kva hjelp dei kan få?
  • at barn og unge er målgruppa?
  • at du bruker verkemiddel og/eller element frå ein bestemd epoke i uttrykkshistoria for å underbyggje tema og bodskap?
  • at du har ein bestemd bruk av komposisjonsprinsipp for å gjere bodskapen tydeleg?
  • at du held oversikt over kjeldene du har brukt til informasjonen du formidlar og til inspirasjon i arbeidet ditt?

5. Levering

Lever medieuttrykket, dokumentasjon, refleksjon og kjeldeliste etter samråd med læraren.

Kjelde

Hafstad, G. & Augusti, E. (2019). Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten. En nasjonal undersøkelse av ungdom i alderen 12 til 16 år (NKVTS Rapport nr. 4 2019). Henta 23. mars 2020 frå https://www.nkvts.no/content/uploads/2019/10/rapport_4_19_uevo.PDF

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Hanne Merete Staurland.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer