Hopp til innhald

Fagstoff

Rekkeklemme- og interntabellar

Rekkeklemmetabell og interntabellar har mange fordelar. Dei blir i hovudsak brukte som dokumentasjon for eit ferdig anlegg, men også for oppkopling og feilsøking på sjølve anlegget. I desse tabellane skal alle samankoplingane mellom komponentar skrivast ned.
Kontrollskap med rekkeklemmer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekkeklemmetabell

Rekkeklemmer blir brukte til å knyte saman eit styreskap med kablar som skal trekkjast ut frå skapet. Føremålet med dette er at ein automatikar kan byggje skapet på ein tavleverkstad, for så å ta det med til staden der skapet skal plasserast. Derfrå kan ein trekkje kablar frå styreskap til motor og styrepanel.

Skjemaet viser ei arrangementsteikning. Den fortel korleis rekkeklemmene er plassert i skåpet, samt forklaring på kor dei er tilkopla. Dette er utgangspunktet for rekkeklemmetabellen. Når det ferdigbygde skåpet blir sett på plass gjenstår det å trekke tilførselkabel, slik at skåpet får straum. Vi må óg trekkje kabel til motoren. Sidan styrepanelet består av knappane og indikatorlampene i døra, er dette allerede montert på tavleverkstaden. Rekkeklemmetabellen bruker vi deretter for å vise kor leidningane i kablene skal koplast og kor dei skal gå vidare i skåpet.

Rekkeklemmer i koplingsskåp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interntabellar

Alle samankoplingar skal skrivast ned. Då må vi også ta med alle samankoplingane som ikkje kjem fram i rekkjeklemmetabellen. Dette kallar vi for interne samankoplingar. Nokre samankoplingar er inne i styreskapet og andre samankoplingar er kanskje ute i anlegget.

Interntabell inne i styreskapet

Frå

Til

Vidare til

Vidare til

- F1:2

- Q1:1

- Q2:1

- F1:4

- Q1:3

- Q2:3

- F1:6

- Q1:5

- Q2:5

Desse samankoplingane er på oppsida av kontaktor 1 og 2 (-Q1 og –Q2)


Frå

Til

Vidare til

Vidare til

- Q1:2

- F2:1

- Q2:6

- Q1:4

- F2:3

- Q2:4

- Q1:6

- F1:5

- Q2:2

Desse samankoplingane er på nedsida av kontaktorane ned til det termiske vernet (motorvernet)

Ser du godt etter på skjemaet no, har vi skrive ned alle samankoplingane på hovudstraumsskjemaet. Nokre samankoplingar er i rekkjeklemmetabellen, og nokre er i dei interne samankoplingane. Det same må gjerast i styrestraumsskjemaet.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2018

Læringsressursar

Dreieretningsvendar