Fagartikkel
Koplingsskjema dreieretningsvendar
I motorkoplingar bruker vi to ulike koplingsskjema. Desse kallar vi hovudstraumskjema og styrestraumskjema.
Styrestraumskjemaet er eit koplingsskjema som viser korleis styringa er kopla saman. Her ligg alle brytarar, lampar og hjelpekontaktar i kontaktorar og motorvern. Styrestraumen er verna av ei 2-fas automatsikring.
- F3 2-faset automatsikring, Sikrar styrestraumen mot overstraum, primært kortslutning.
- Termisk vern er eit motorvern med bimetallfunksjon. Det termiske vernet har som oppgåve å verna motoren mot overbelastning. Hvis motoren trekker for mykje straum (lasten tilkopla motoren er for stor), vil vi få ei overbelastning i motoren, og det termiske vernet vil løyse seg ut, slik at ikk,e motoren blir øydelagt.
- Stoppbrytar, stansar anlegget ved manuell betjening.
- Startbrytar, starter anlegget ved manuell betjening.
- Rekkeklemmer, det nyttast rekkeklemmer på alle kablar som går inn og ut av skåpet, dette gjeld óg kablar som går til brytarar og indikatorlamper i døra på skåpet.