Hopp til innhald

Fagstoff

Bygg

Bygg har vore dyrka i over 10 000 år og er truleg den eldste kulturplanta i verda. Bygg er det kornslaget som treng kortast veksttid for å mognast. Det kan dyrkast i høgareliggjande strøk og langt mot nord.
Byggåker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tresking av bygg. Foto

I 2007 vart det dyrka 455 000 tonn bygg i Noreg. Drygt 3000 tonn gjekk til mat. Det er ei aukande interesse for å nytta meir bygg til mat, fordi bygg inneheld viktige fiberstoff som er gunstige i ernæringa.

Bruk

Byggmjøl har ikkje bakeevne, men kan nyttast i mange ulike produkt, som graut og suppe, eller blanda med kveitemjøl til brød og kjeks. Det aller meste av bygget som vert dyrka i Noreg, vert nytta til dyrefôr.

Matrett med ørret og byggrisotto. Foto.

Byggmjøl

Bygg vert foredla og finst som byggmjøl eller byggryn. Byggmjøl har ikkje evne til å utvikla gluten slik som kveite. Ei blanding av inntil 40 prosent bygg med sikta kveite kan gi gode resultat ved baking. Det er mogleg å baka med meir byggmjøl, men då får vi brød som vert tunge og kompakte.

Aks, korn og mjøl av bygg. Foto.

Næringsinnhald

Bygg inneheld i gjennomsnitt 78 prosent karbohydrat, 9–12 prosent protein, knapt to prosent feitt og fem prosent fiber.


Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Bygg vert hausta når kornet er moge, vert lagra og er å få kjøpt heile året.

Utbreiing

Bygg kan dyrkast i store delar av landet.

Med andre ord:

Latin: Hordeum vulgare

Engelsk: Barley

Tysk: Gerste

Fransk: Orge commune

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for brød og korn
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Kornslaga