Fagstoff

Skjenking

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

  • Med skjenking meiner ein sal av alkoholhaldig drikk for drikking på salsstaden.

Ein kvinneleg bartender skjenkjer øl i glas. Foto.  

Alkohol kan gi mange hyggjelege stunder og kan gjere god mat enda betre. Men alkoholbruk medfører òg både sosiale og helsemessige skadar for heile samfunnet og for enkeltpersonar.

 

Forsking viser at restriksjonar på sal og skjenking er eit effektivt verkemiddel for å avgrense skadane som alkoholbruk kan medføre. Vi har eit stort ansvar for gjestene våre, og må derfor passe på at vi følgjer gjeldande lover og reglar. I Forskrift om alkoholhaldig drikk m.m.  finn vi utfyllande reglar som gjeld når vi skal skjenkje drikke med alkohol til gjester.

Aldersgrense

Den som sel, leverer ut eller skjenkjer alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir, må ha fylt 20 år. Den som sel, leverer ut eller skjenkjer annan alkoholhaldig drikk, må ha fylt 18 år.

Elevar i kokk-, servitør- eller resepsjonistfag kan likevel selje, utlevere eller servere alkoholhaldig drikk sjølv om dei ikkje har nådd aldersgrensa, når det er nødvendig i samsvar med opplæringa. Vilkåret er at det ligg føre ein reell opplæringssituasjon.

Sal, skjenking eller utlevering av alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir må ikkje skje til nokon som er under 20 år. Sal, skjenking eller utlevering av alkoholhaldig drikk med eit lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent må ikkje skje til nokon som er under 18 år. Er ein i tvil om gjesten er gammal nok, er ein pliktig til å spørje om legitimasjon.

 

Synleg påverka

Personar som er synleg påverka av rusmiddel skal ikkje kunne kome inn på skjenkjestaden. Dersom ein synleg påverka gjest likevel har fått tilgang, har vi plikt til å syte for at gjesten forlèt staden.

Det er ikkje lov til å skjenkje personar som er synleg påverka av rusmiddel. Det er heller ikkje lov til å skjenkje ein person så mykje at vi må rekne med at han blir synleg påverka. Sit fleire gjester saman, og ein av dei er synleg påverka av rusmiddel, skal ein ikkje skjenkje alkohol til nokon av dei før personen som er synleg påverka er vist bort frå staden.

Kjenneteikn på at ein person har fått for mykje er at personen blir slepphendt og mindre oppmerksam. Han kan ha problem med å gå rett, og sjanglar. Auga blir symjande, og han kan ha vanskar med å fokusere blikket. Mange blir høgrøsta, og snakkar utydeleg eller snøvlete. Synleg påverka personar kan verke forstyrrande på andre gjester.

Det er ikkje alltid like lett å vite når ein gjest har fått for mykje. Helsedirektoratet har derfor utvikla ein skala som skal gjere det enklare for den som skjenkjer: Grader av alkoholpåverknad.

 

Serveringseining

Det er berre lov til å skjenkje brennevin i mengder på 2 og 4 cl. Det vil seie at vi ikkje kan skjenkje ein dobbel drink til ein gjest som bed om det. Unnataket er internasjonale cocktails som inneheld fleire typar brennevin. Desse kan overstige 4 cl for ein drink. Det er til dømes lov til å servere ein Long Island Ice Tea med 6 cl alkohol, fordi denne drinken er godkjend som ein internasjonal cocktail i bransjen.

Hjelpeplikta

Når ein gjest har fått for mykje, og må visast bort frå skjenkjestaden, har vi etter lova ei hjelpeplikt. Det vil seie at ein person som er så påverka av alkohol at han ikkje kan ta vare på seg sjølv, må få nødvendig hjelp. Det finst mange døme på menneske som har omkome under påverknad, fordi dei har sovna i snøen eller har falle i vatnet. Denne hjelpa kan bestå i å få personen trygt heim ved å bestille ein taxi eller tilkalle politi.

Internkontrollsystem

Alle som har fått skjenkeløyve og driv ein serveringsstad, er pliktige til å ha eit internkontrollsystem for alkohol. Dette systemet skal vere eit nyttig hjelpemiddel for alle tilsette og medverke til ei forsvarleg skjenking. Her skal ein kunne finne alle krav som gjeld for verksemda i forhold til løyvet og alkohollova.

Systemet må syte for at alle dei tilsette har fått opplæring og har nok kunnskapar til å kunne overhalde gjeldande krav og lover. Det skal vere skildra rutinar for å kunne førebyggje, avdekkje og rette opp eventuelle feil.

Relatert innhald

Aktuelt stoff for