Oppgåve

Nye varer, nye prisar

Publisert: 02.02.2015, Oppdatert: 05.03.2017
Bakerieier viser fram dagens bakst

Farek har fått inn eit nytt parti varer som skal seljast vidare i kafeen. Kan du hjelpe han å kalkulere dei?

I sendinga er det fire ulike matvarer. Nokre av dei er typiske volumseljarar. Påslagsfaktoren er 1,35.

Ein faktura viser desse innkjøpsprisane:

  • Kaffeposar kr 48,–
  • Appelsinjuice kr 11,50
  • Sjokoladekjeks kr 6,50
  • Muffins kr 9,– 

1 Kva blir utsalsprisen inkl. mva. for produkta?
2 Kva blir mva. for kvart produkt?

Bruk gjerne Kalkylar i Excel  når du løyser oppgåva.