Hopp til innhald

Fagstoff

Det austlege Middelhavet

Vinproduksjonen går svært langt tilbake i desse områda. Etter den bibelske forteljinga der Noahs ark stranda på fjellet Ararat i Tyrkia, var han den første som grunnla ein vinhage.

Historikk

I Hellas var vindyrking så viktig at dei hadde ein eigen vingud, Dionysos. I Israel i gammal tid rekna ein dei mest nødvendige næringsmidla til å vere brød, olje og vin. Det blir hevda at dei har laga vin i 4000–5000 år i desse områda. Elles har desse landa stor produksjon av matdruer og rosiner.

Hellas

Kart over vinområdene i Hellas. Foto.

I Hellas blir det produsert vin på heile fastlandet og på øyane. Det blir laga både raud-, kvit-, rosé- og fleire sterkvinar. Etter at landet blei EU-medlem, har dei fått ein vinlov etter mønster av den franske, med 27 regionar. Klimaet er tørt og eigentleg for varmt til å få fram kvalitetsvin slik ein føretrekkjer han i Vest-Europa, men her òg blir det jobba med moderne metodar.

I dei vestlege landsdelane blir det laga ein del kvitvin, i Peloponnisos både raud og kvit, og elles blir det produsert raudvin over heile landet. Kjende raudvinsdistrikt er Naoussa i Makedonia, Mavroudi i den sentrale delen og Kreta.

Det er stor lokal variasjon på raudvinane, frå friske og fruktige til kraftige og noko søte. Det siste er tilfellet i andre av desse landa. Og igjen kjem dette med lokal mat og vin inn. Til for eksempel nokre gryteretter blir kjøttet kokt med kanelstong for å få det mørt. I tillegg blir det gjerne brukt tomatar. Slik får retten ein litt søt, krydderaktig smak som denne søte raudvinen går ypparleg til.

Retsina

Retsina er nok den vinen som dei fleste kjenner frå Hellas. Det er ein kvitvin som blir tilsett kvae (harpiks) under gjæringsprosessen for å få fram den bestemte smaken. Før det blei vanleg å bruke glasflasker, blei vinen oppbevart på amforaer (leirkrukker). For å tette desse blei det lagt eit tynt lag kvae over vinen. Dette gav smak som ein har vant seg til, og ein heldt fram med kvaa etter at flaske og kork blei tekne i bruk. Det finst òg ein variant av rosévin. Vinen blir laga i regionen Attici rundt Athen.

Israel

Israel har som nemnt lang vintradisjon, men druedyrkinga låg nede under den muslimske okkupasjonen i tusen år. Ho starta først skikkeleg opp att på slutten av 1800-talet, då den franske baronen Edmond de Rothschild betalte for store produksjonsanlegg ved Tel Aviv og Haifa. Det blir brukt mykje franske druetypar.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Andre vinområde