Hopp til innhald

Fagstoff

Australia

Australia blir ofte samanlikna med California. Her òg er det ganske varmt, og vinane ber preg av det. Dei er fyldige, runde, smaksrike og ofte eikeprega.

Historikk

kart over vindistriktene i Australia. Illustrasjon.

Det var den engelske kapteinen Arthur Philip som planta den første druestokken på australsk jord i 1788. Han gjekk i land der Sydney ligg i dag, og var leiar for ein tropp kolonistar på over tusen personar, deriblant cirka 700 straffangar. Australia blei brukt som fangekoloni av England. Men det var først 40 år seinare at druedyrking kom i gang. Då hadde den skotske skulelæraren James Busby med seg nesten 700 forskjellige druestokkar, og det blei sett i gang forsøk på kva for nokre som klarte seg best.

Seinare kom det innvandrarar frå fleire europeiske land, som tok med seg sine vintradisjonar. For eksempel har tyskarar, italienarar og sveitsarar sett preg på områda sine. Bortsett frå i Northern Territory blir det dyrka vin i alle dei fem andre landområda.

Australia er eit ganske nytt vinland, og sidan dei ikkje har tradisjonar å halde seg til, blir det eksperimentert ein del. Her òg ønskjer ein å få fram best mogleg smak etter ønske frå marknaden, og vinkunnskap (ønologi) er ei universitetsutdanning. (Mellom andre kjem franskmenn og utdannar seg her.)

Vinlov

Australia har i likskap med California ingen streng vinlov som i Europa, men det har komme reglar for opplysning på etikettane. I første omgang er det fem punkt:

  • Dersom druesort er oppgitt, må 80 prosent vere frå den drua.
  • Dersom fleire druesortar er oppgitte, må dei førast opp i stigande rekkjefølgje.
  • Dersom geografisk område er oppgitt, må 80 prosent av vinen komme derfrå.
  • Dersom det er ei blanding frå fleire område, må dei førast opp i stigande rekkjefølgje.
  • Dersom årgang er oppgitt, må 95 prosent av vinen vere frå det året.

Vi kjenner jo til dei strenge franske lovane om bruk av druetypar. Der må eit godkjent sertifikat følgje med om ein vin skal flyttast frå ein produsent til ein annan. I Australia kan produsentane fritt kjøpe druemost eller vin frå heile landet og blande i sin vin for å få fram ønskt kvalitet.

Mange produsentar har òg vineigedommar i fleire distrikt, og vinen frå dei forskjellige eigedommane blir blanda. Derfor kan det vere vanskeleg å seie noko generelt om dei enkelte regionane. Akkurat som i California bør ein ha kjennskap til den enkelte produsenten.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Andre vinområde