Hopp til innhald

Fagstoff

Undersøking

Den første undersøkinga på skadestaden er avgjerande for det som skal skje vidare. Er den skadde vaken eller medvitslaus? Korleis kan vi undersøkje det?
En lagerarbeider har falt ned en stige og ligger på gulvet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tap av medvit

Medvitsløyse er alltid farleg. Tap av medvit som følgje av at andedrettet eller blodsirkulasjonen opphøyrer, betyr at livet er i fare! Varsle umiddelbart 113, og start HLR (hjarte-lunge-redning)!

Teikn på at andedrett og blodsirkulasjon er trua:

  • sterkt nedsett medvit
  • alvorlege pustevanskar
  • sterke smerter i brystet i meir enn 5 minutt
  • bleik og klam hud hos ein som føler seg uvel eller er skadd
  • plutseleg kraftløyse
  • at barn som er sjuke, mistar interessa for omgivnadene og ikkje vil ha drikke, eventuelt har feber eller smerter

Første undersøking

Snakk til personen – forsøk å få kontakt.
Dersom personen ikkje svarer, rist forsiktig i han/henne, eller klyp på stader der det raskt gjer vondt, til dømes på innsida av armen. Smerte av denne typen kan ofte vere nok til å vekkje vedkommande.

Er personen vaken, så snakk med han/henne.
Spør om han/ho har vondt, har problem med å puste, og generelt om korleis vedkommande føler seg.

Dersom personen ikkje reagerer på tilrop og forsiktig berøring eller risting, gå ut frå at han/ho er medvitstlaus. Det å vere medvitslaus er ein farleg tilstand.

Er personen medvitslaus, kontroller om han/ho pustar normalt.
Legg hovudet ned mot munnen og nasen på personen (sjå teikninga), kjenn etter om du føler normal pust, observer samtidig om brystkassa på vedkommande hevar seg. Gjer dette i 10 sekund.

Medvitslaus, men pustar normalt – legg den skadde i sideleie.
Hvis du observerer at pasienten har normal pust i 1 minutt, kan du legge pasienten i sideleie. Hald fram med å overvake pasienten, då sjukdomstilstanden kan forverrast raskt. Pasienten kan kaste opp, slutte å puste, hyperventilere og så vidare.

Behandling ved ulike grader av symptom

A. Vaken, men uklar

Hugsar ikkje klart, dårleg koordinasjon, snakkar uklart.

  • Pasienten må overvakast.

B. Nedsett medvit, men kan vekkjast

Vaknar av tilrop og lett risting. Sovnar lett igjen.

  • Ikkje behov for livreddande førstehjelp, situasjonen kan endre seg raskt, pasienten bør overvakast.

C. Medvitslaus, kan ikkje vekkjast, reagerer ikkje på smerte

  • Pustar pasienten, veit vi at han/ho er i live. Overvak vedkommande i 1 minutt, legg i sideleie, varsle 113.

D. Livlaus

  • Ein pasient som er medvitslaus og ikkje pustar normalt, er livlaus, og du må starte HLR (hjarte-lunge-redning)
OPPGÅVER
1. Kva er prioritet nummer 1 i behandlinga av ein livlaus pasient, og kvifor? Sjå svar

Kompresjonar og frie luftvegar.

2. Korleis kontrollerer du om ein pasient har normal pust? Sjå svar

Ser om brystkassa hevar seg, og kjenner etter med øyre og kinn mot munnen og nasen til pasienten om det kjem luft ut av nasen eller munnen.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

Sikkerheit