Hopp til innhald

Fagstoff

Tjuveri

Her skal vi seie litt om tjuveri i reiselivsbransjen og presentere eit utkast til instruks ved tjuveri på hotell.
Tyv stjeler fra kvinne som sover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tjuveri frå lokala vi arbeider i, til dømes frå hotell, skjer oftare i reiselivsbransjen enn vi forventar oss. Heldigvis dreier det seg som oftast om tjuveri av gjenstandar av lågare verdiar, som til dømes handklede, bestikk og pyntegjenstandar frå hotellromma.
Ved tjuveri der vi er sikre på kven gjerningspersonen er, må vi ha ein ferdig instruks for korleis vi skal handtere situasjonen. Hugs at vi ikkje kan halde tilbake ein person utan at personen er teken på fersk gjerning eller der er ferske spor. Strafferamma for tjuveri er på meir enn seks månader.

Her er forslag til ein instruks når det skjer tjuveri på hotell:

  • Varsle politiet.
  • Varsle leiaren.
  • Sikre spor (ikkje rør!).
  • Hente ut nøkkellogg.
  • Notere ned signalement på gjerningspersonen frå vitne, og be vitna om å vente til politiet kjem.
  • Ikkje snakke med media, vis media vidare til presseansvarleg.
  • Leiar vurderer om forsikringsselskap skal varslast.
  • Hjelp gjester som er blitt fråstolne noko, i kontakten med politiet. Det er gjesten som må melde forholdet til politiet.
  • Hjelp gjesten i kontakten med forsikringsselskap, bank, reiseselskap og liknande.
CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Sikkerheit