Hopp til innhald

Fagstoff

Postmodernisme

I 1970–1980-åra oppstod postmodernismen som ein reaksjon på modernismen. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk. Vi fekk fantasifulle blandingar av ulike stilretningar. Fargebruken og formene kunne vere originale, og materiale blei sett saman på nye måtar.
Nicolas Hayek sit ved eit bord som er dekt med klokker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Post- betyr etter-. Postmodernisme er altså ei stilretning som kjem etter modernismen. Designarane ønskte å utvikle seg vidare frå den modernistiske tradisjonen. Dei såg på tidlegare uttrykksformer og sette dei saman på nye måtar. Gammalt og nytt, høgkultur og populærkultur kunne kombinerast, gjerne på ein humoristisk eller ironisk måte.

"Less is bore"

Slagordet til modernismen: ”less is more” gjorde postmodernistane om til: ”less is bore”. Eit typisk åttitallsfenomen var den viltre designen til Swatch-klokkene i ein elles tradisjonsrik og konservativ urmakarbransje.

Memphis

Designgruppa Memphis blir sett på som starten på den postmodernistiske perioden i stilhistoria. Ettore Sottass var ein italiensk arkitekt og industridesignar. Saman med fleire unge designarar starta han Memphis-gruppa og kalla designen deira for ”den nye internasjonale stilen”. Dei stilte ut resultata av samarbeidet sitt på den prestisjefylte møbelmessa «Salone del Mobile of Milan» i 1981. Her viste dei fram heilt nye ting.

Møblane hadde klare sterke fargar, som blei ein kontrast til dei svarte og mørkebrune møblane som hadde dominert europeisk møbelproduksjon. Formene kunne vere asymmetriske og rare. Vi kan kjenne att trekk frå art deco og popdesign frå 1950-tals kitsch og futuristiske tema. Alt var framstilt med ein humor som dei sakna i designen i tida. På mange måtar stod konsepta deira i opposisjon til alt som til då hadde fått merkelappen "god design".

Les meir om art deco og popdesign på NDLA sine sider.

President i Memphis-gruppa sit på eit møbel i postmodernistisk design. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hårmote

Fotomodellar med 70talls mote. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Postmodernismen var ein reaksjon på det som hadde vore før. Det same skjedde med klede og frisyrar. På midten av 1960-talet starta hippie-rørsla i USA. Fleire unge tok avstand frå det etablerte samfunnet. Dei protesterte gjennom klede, langt hår, rockemusikk, bruk av narkotiske stoff og slagord som “Make Love, Not War” og “Flower Power”.

På 1970-talet protesterte også punkarane mot den gjeldande moten. Håret hadde gjerne skrikande fargar og taggete klipp. Punkfrisyren var ofte barbert på sidene og med ein struttende hanekam på midten. Sjølv om punkarane var i opposisjon til den vanlege moten, skapte dei mote sjølv.

Portrett av Kim Wilde med hockeysveis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknisk utvikling innan frisørfaget gjorde det mogleg å variere i mange ulike frisyrar. No blei det vanleg med permanent, farging, bleiking og striper. Hockeysveisen blei den mest typiske hårmoten på 1980-talet, både for damer og menn.

Den nederlandske hårstylisten Andy Uffels sa i 2007: ”No handlar det om individet når ein klipper og stylar hår. Ein kan seie at ein skulpturerer håret ut ifrå kvart enkelt individ.”

Klede

Det var ein tendens til at dei same kleda kunne brukast av både menn og kvinner. Mange kvinner hadde allereie på 60-talet kasta både brysthaldar og hoftehaldar. Somme satsa på palestinaskjerf eller lilla skjerf og fotformsko, mens andre valde å kle seg feminint med tronge hotpants og lange, opne kåper.

Mens kleda i hippierørsla var lange, lausthengjande og litt sjuskete, gjekk punkarane gjerne i svarte klede med naglebelte. Men det som blei populært i klesvegen, både for menn og kvinner, var eit tradisjonelt arbeidsantrekk – dongeribuksene. Buksene kom som ein protest mot det etablerte. Men sjølv om dei i utgangspunktet var anti-mote, enda dei opp som høgaste mote i alle samfunnsklassar.

Korleis vi kler oss, kan vise gruppetilhøyrsle.

Zandra Rhodes

Antrekk designa av Zandra Rhodes  i rosa jersey med hol og store sikringsnåler pynta med perler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den britiske motedesignaren Zandra Rhodes prega motebiletet på 1970- og 80-talet, både når det gjeld klede og smykker. Ho hadde late seg inspirere både av hippiestilen og punken. I 1977 lanserte ho ein kolleksjon i rosa og svart jersey med hol og store sikringsnåler pynta med perler, noko som gav henne kallenamnet ”punkprinsessa”. Ho er også kjend for dei asymmetriske kjolane sine i sterke fargar med oppflerra skjørtekantar.

Ho har teikna klede for kjendisar som prinsesse Diana, Jackie Onassis, Elisabeth Taylor og Freddie Mercury i rockebandet Queen.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 27.01.2019

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer