Hopp til innhald

Fagstoff

Rokokko

Rokokko er ei nemning som særleg i Tyskland og Norden blir brukt om den stilperioden som følgde etter barokken. Stilretninga prøvde å erstatte barokkens tunge og pompøse karakter med det lette, mjuke og rørlege.
Festkledde menneske som dansar i ring til fiolinmusikk. Fargetrykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om stilen oppstod i Frankrike i 1720-åra, er den franske nemninga Louis-quinze. Også britane har gitt stilen namn etter sin regjerande fyrste i perioden, og den heiter derfor Georgian i Storbritannia. Ordet rococo var fransk, og var handverkarslang – "småstein" – for rocaille, som betyr ei skjelklippeform. Også denne nemninga blei først bruk i nedsetjande betyding av ettertida, som noko i likskap med "snurrepiperi" eller "latterleg umoderne".

Stil og motiv i Rokokkoen

Rokokko var kanskje den første reint lystelege stilarten i kunsthistoria. Den hadde ikkje noko rettleiande føremål, ingen bodskap. Heller ikkje var rokokkoen ei form for takkseiing til Gud, men hadde først og fremst som mål å glede. Rokokko var ein stilart der smak og kreativitet blei lagt vekt på som eit mål i seg sjølv. Det var ikkje ein stilart som tok sikte på det store publikummet. Det var snarare i ein liten, forfina overklasse sine private husvære og lysthagar at ein kunne sjå påverknaden frå rokokkoen.

Pussig nok var det i sjølve barokksymbolet Versailles det heile begynte. Ludvig 15. var berre fem år gammal då han i 1715 arva trona etter oldefaren sin, Ludvig 14. Formyndarregjeringa (La régence) la opp til ein litt friare tone ved hoffet, og med den følgde ein ny stil, régencestilen. Denne stilen heldt fast ved symmetrien i barokken, men alt blei mykje spinklare og nettare. Dei tunge barokkskapa blei erstatta av mindre kommodar og skatoll.

Dersom ein seier at det var Ludvig 14. som skapte barokken, må det kunne seiast at det var Ludvig 15. si mektige elskarinne, Madame de Pompadour, som skapte rokokkoen som ein reaksjon mot den ordenen og fastleiken som hadde prega det franske hoffet.

Dei veldige formene i barokken blei forfina og gjorde lettare med asymmetriske former og elegant svingande S- og C-forma linjer og muslingskal. Rokokkoen er ein stilart der lyse fargar, speglar, blomar og naturlege motiv i interiør, møblar og kunsthandverk dominerer. Stilarten er inspirert av ei gryande naturkjensle, og derfor blei parkane også ein viktig arena.

Ein hall med store speglar og vindauge mot naturen. Det står skamlar ved vindauga. Veggane er utsmykka med ornament i gullfarge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interiørdesign

Rokokkoen skulle få sin største innverknad innanfor interiørdesign og brukskunst. Det var som nemnt i Versailles det heile starta. I dei private leilegheitene på slottet tok dei på 1700-talet i bruk ei rekkje høge trepanel som var måla elfenbeinskvite og dekte med forgylte utskjeringar i lågrelieff.

Speglar utgjorde ein viktig del av utsmykkinga, særleg over kamingesimsane. Eit typisk døme frå Versailles er "Le Cabinet de la Pendule" frå 1738. Eit av dei mest fortryllande av alle rokokkointeriør er spegelsalen i Amalienburg i München. Den skapte Francois de Cuvillés for den bayerske kurfyrsten Karl Albrecht i slutten av 1730-åra. Etter læretida i Paris hadde Cuvillés fått stillinga som hoffarkitekt hos kurfyrsten.

Dei store, representative hallane i barokken blei bytt ut med rokokkoen sine små, intime salongar. Tunge barokkmøblar måtte vike plassen for rokokko-sofaer, sjeselongar, småbord og konsollbord. Rokokkostolane var låge og breie, og alle linjer hadde bogeform. Kommodane hadde svinga linjer og usymmetriske bronsebeslag. På kommoden stod gjerne ein porselensfigur av kinesisk opphav.

Når europearane endeleg klarte å produsere porselen, skjedde det i Meissen i kurfyrstedømmet Sachsen. Johann Friedrich Böttger trudde han hadde løyst gåta med å lage gull av verdilaust materiale. Då kurfyrst August den sterke høyrde om dette, sperra han Böttger inne for at han skulle arbeide vidare med dette i løynd. Etter å ha vore halden innesperra i fleire år, måtte Böttger gi opp prosjektet. Han fekk likevel hjelp av vitskapsmannen Ehrenfried Walther von Tschimhaus, som hadde drive eksperiment med produksjon av glas i håp om å kunne lage porselen. Etter at Tschimhaus døydde, brukte Böttger oppskrifta hans til å produsere porselen. Dette kunngjorde han gledestrålande til kurfyrsten for å sleppe ut av fangenskapet. For porselen var jo like verdifullt som gull!

I Noreg

I Noreg var vi vel så påverka av den engelske møbelstilen. Den engelske møbeldesignaren Thomas Chippendale utforma sin eigen stil, ein slags engelsk rokokko, som var enklare og meir praktisk enn dei franske møblane. Chippendale-møblane henta også formelement frå gotisk og kinesisk stil.

Herskapeleg, kvit bygning i rokokkostil, med plen framom. Foto.

Døme på rokokko-arkitektur i Noreg er Damsgård hovedgård i Bergen og interiøret frå Kongsberg kirke frå 1761. Eksteriøret i denne kyrkja er barokt.

Ei rekkje flotte sølvsmedarbeid prega av rokokko-stilen blei også skapte i Noreg. På garden Herrebøe i Idd ved Halden blei det frå 1759 til om lag 1770, produsert fajanse (ein type keramikk) av svært høg kvalitet. Rundt 400 av produkta derifrå er framleis tekne vare på, og er blant dei mest kostbare av antikvitetane våre.

Fargerike glas på utstilling i eit vindauge. Foto.

Framifrå døme på kunsthandverk i rokokko blei også produserte på Nøstetangen glasverk ved Hokksund, frå 1741 til 1777. Sidan 1990 er det etablert ei glashytte her, der ein framleis driv med glasblåsing etter dei gamle Nøstetang-modellane.

Årsaka til at den første glashytta i Noreg blei lagd til den odden i Hokksund, der Vestfosselva renn ut i Drammenselva, var mangelen på råstoff til glasproduksjon i Danmark. Dei viktigaste råvarene for produksjon av glasmasse er jernfri sand, kalkstein, krit eller marmor og soda. Dette fanst det meir av i Noreg. På Nøstetangen blei det produsert mange fantastisk flotte glasgjenstandar.

Produksjonen ved dei norske jernverka auka, og utsmykkinga av blant anna omnar blei rikare. Den viktigaste innverknaden på norsk kunsthandverk frå rokokkoen må likevel seiast å vere den folkelege rosemålingsteknikken.

Motiva i rosemålinga er først og fremst frie, svinga blomar og blad som fyller flatene i sterke og ofte raffinerte fargekombinasjonar. Dekorasjonsforma blir i dag sett på som ein del av norsk folkekunst og husflid, og handverket er framleis levande i brukskunstmiljø i fleire bygder.

Klede og frisyrar

Når det galdt klede, brukte mennene på 1700-talet lange ytterjakker, såkalla justacorps, med fletta frynser og store erme. Herrane hadde vest, frakk og knebukser, kvite strømper og spennesko, og kniplingar i halsen og ved handledda. Dei brukte gjerne filthattar med fjør som dekorasjon, og ved større seremoniar og ved hoffet brukte dei kvite parykkar med sløyfe i nakken.

Rokokkodamene kledde seg i silke, med innsnørde liv og vide skjørt spente utover eit understell. Kjolen bestod gjerne av ein open overkjole over eit skjørt, og han var pynta med sløyfer og kniplingar. Kvinna brukte ofte eit slep som hang festa frå skuldrene over eit klokkeforma skjørt, med ein stiv, ettersitjande topp.

Kvinnefrisyren utvikla seg i løpet av rokokkoen frå enkel, elegant og hovudnær til store, tårnaktige frisyrar pynta med tøy og kniplingar. Små hattar og dekorative element som blomstrar, små skip og fruktkorger blei vanlege å putte i håret blant overklassedamene. Frisyren var viktig også for dei som ikkje hadde så mykje pengar. Folk varierte med ulike typar skil, fletter og krøllar, men helst samla i nakken. Parykkar var som nemnt populære, og fattige sparde håret sitt for sal. Mennene hadde ein slags hestehale som blei kalla ein queue.

Relatert innhald

Widar Hallén viser oss stolane i Rokokkorommet. Rokokkoen er ein stilart der blomstrar og lyse fargar blir mykje brukt i interiør og møblar.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer