Hopp til innhald

Fagstoff

Renessansen

Renessanse betyr gjenføding, og i denne perioden skulle ideala frå antikken stå fram på nytt. I mellomalderen sette dei Gud i sentrum, mens i renessansen stod mennesket i fokus. Perioden innleier eit heilt nytt syn på retten mennesket har til å utfalde seg.
Nakne menneske og mytologiske skapnader på ei plen med ein kvit bygning med søyler i bakgrunnen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det blei slutt for den særs religiøse gotiske stilepoken med Martin Luther og reformasjonen omkring 1520. I Italia var minnet om oldtida og den antikke kunsten teke vare på gjennom heile mellomalderen.

Mens den gotiske stilen hadde si stordomstid i Nord-Europa, begynte det i Italia å vekse fram ei rørsle som med eit fransk ord blei kalla "renaissance". Det må vere riktig å hevde at renessansen i europeisk historie er noko langt meir enn ein ny stilepoke i kunst og handverk. Renessansen innleier eit heilt nytt syn på mennesket.


Møbelproduksjon

Rennesansemøblane var ofte kunstferdig utskorne, gjerne med arkitektoniske motiv. Til ornamentikken høyrde ofte mytologiske figurar som kjerubar, urner og akantusranker. Frå renessansen blei skapet eit vanleg møbel, først i palass og slott, seinare hos borgarskapet og til slutt hos bøndene.

Klesdrakta

Klesdrakta var i byrjinga av perioden kroppsnær, men dette forandra seg etter kvart som erobringstokter til andre deler av verda førde nye varer til Europa. Portugal, Spania og England blei stormakter på havet, og viktige handels- og kultursentra voks opp her. Mens det i mellomalderen kunne vere vanskeleg å sjå skilnad på herre- og dameklede, blei kjønnsskilnadene no understreka gjennom klesdrakta.

Menn og kvinner i store klesdrakter frå renessansen. Mennene har også sverd. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei vanleg mannsdrakt i renessansen var samansett av skjorte, kappe og vams – etter kvart ein vest med lause erme festa med snøringar.

På underkroppen brukte mennene hoser eller buksebein haldne saman med snøringar og knappar i livet og skrittet.

Herrejakka var polstra med riddarrustninga som forbilde. Utanpå hadde mennene gjerne ei pelsfôra jakke med korte erme.

Nedantil bar mennene korte ballongbukser med hol i skrittet. Kjønnsorganet blei framheva med ein skamkapsel.

Både buksene, pufferma på skuldrene og hattane, som ofte var pynta med fjør, var runde. Mot slutten av perioden kom det på moten å ha snitta hol i kleda, der stoffa frå plagga under, som ofte var finare, kunne tyte ut.

Kvinnedrakta var ein lang underkjortel med lange smale ermar, lang overkjortel og kappe. Etter kvart blei skjørta større, mens overkroppen var forma ved hjelp av band under brystet og stive korsett.

Skorne i renessansen var først enkle snabelsko, men etter kvart gjekk moten over til breie skor med rund tå. Kvinnene brukte eit korsett som flata ut brysta og tvinga overkroppen inn i ei V-form. Med fleire lag av underskjørt og tunge, dekorerte skjørt med erme over, kunne det vere vanskeleg for overklassekvinnene å røre mykje på seg.

Arkitektur

Renessansearkitekturen hadde opphavet sitt i Firenze på byrjinga av 1500-talet, ved ei oppblomstring av verdsleg byggjeverksemd. Bakgrunnen for dette var utviklinga av ein kapitalistisk økonomi. Takka vere bankvesenet, blei det innført eit pengehushald som samla store formuar på private verdslege hender.

Orden og symmetri karakteriserte utforminga av dei italienske palassa. Typiske trekk var bruken av det antikke byggjesystemet med søyler og dekorative bordar, kombinerte med vassrette linjer og rektangulære former. Dette blei brote opp av framheva inngangsparti og trappepodium. Vindauga hadde ei bogeform, plassert symmetrisk og ofte todelt av lette søyler.

Biletvev

Biletveven frå renessansens kom til Noreg med utanlandske handverkarar i andre halvdel av 1500-talet. Johannes Jensdatter var ei av dei kvinnene som tok opp handverket. Ho dreiv ei vevstove med fleire lærejenter i Bergen, men blei brunne som heks i 1594.

Kunsthandverkaren og kunstnaren

Ein naken statue i renessansestil. Foto.

Det er vel først med renessansen at vi ser at det utviklar seg eit skilje mellom handverkaren og kunstnaren. Dei førstnemnde var styrde av oppdragsgivarane sine. Dei sistnemnde bestemte både motiv og pris på verka sine sjølve.

Det var eit mål å finne tilbake til det ekte og naturlege frå kunsten i antikken. Eit inngåande studium av sjølve menneskekroppen utgjorde ein vesentleg del av dette. Dei kjende renessansekunstnarane Michelangelo og Leonardo da Vinci undersøkte til og med musklane og beinbygnaden til døde personar. Skulpturane deira skulle uttrykkje likevekt og harmoni. Som målarar var dei opptekne av dei nyoppdaga perspektivlovene, og lys- og skuggeverknader var sentrale for å få motiva så ekte som mogleg.

William Shakespeare var den store renessanseforfattaren. Han har skrive verk som Hamlet og Romeo og Julie.

Boktrykkerkunsten

Kompass som her viser to systemer for å beskrive en skipets kurs, den indre og den ytre sirkel. Illustrasjon.

Den største tekniske oppfinninga i Europa under renessansen var boktrykkjarkunsten. Han baserte seg på at støypte enkeltbokstavar av bly blei sette saman til ord og setningar til ein satsspegel over heile sider. Dette utkonkurrerte straks dei handkopierte bøkene. Men mykje av estetikken frå dei handkolorerte vignettane blei vidareførde i boktrykkjarkunsten.

Oppfinninga av sekstanten, som kunne måle ulike himmellekamars høgd over horisonten, saman med ei sterk forbetring av kompasset, gjorde det mogleg med større tryggleik å ta seg ut på det opne havet. Ferda til Christofer Columbus over Atlanterhavet til Bahamas i 1492 og Vasco da Gamas reise rundt sørspissen av Afrika til Calicut i India i 1498, var ein direkte konsekvens av desse oppfinningane.

Seinrenessanse og Manierisme

I kunsthistoria har seinrenessansen fått si eiga nemning, manierismen, sidan 1920-talet. Den pågjekk i siste halvdel av 1500-talet. I målarkunsten er dette uttrykt gjennom overraskande perspektiv og kompliserte komposisjonar. I skulpturen blir det uttrykt gjennom kraftigare rørsler og større plastisitet. Uttrykket må sjåast på som ein reaksjon mot renessansens harmoni, struktur og balanse.

Mens renessanseidealet var ein logisk, klår og velproporsjonert design, eksperimenterte og manipulerte manierismen med former, dekor og symbol for å skape komplekse illusjonar. Det er ein forsmak og ei overgangsform til den neste epoken i stilhistoria, nemleg barokken.

Manierismen oppstod rundt 1520 som ein reaksjon mot høgrenessansen si vekt på harmoni, symmetri og balanse. Typiske kjenneteikn på den nye stilen er uortodokse arkitektoniske element og detaljar. I musikken er madrigalen eit av dei tydelegaste uttrykka for manierismen. Her legg vi manierismen tidsmessig til barokken.

Ei havn med fiskebåtar. I forgrunnen trekkjer fiskarar opp eit garn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.12.2018

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer