Radielle ruter
Etter kvart som bustadområda rundt eit sentrum blir store nok, blir det oppretta radielle ruter mellom bustadområda og sentrum.
Vi kallar eit slikt system for eit nav-eike-system. Sentrum er navet, dei radielle rutene eiker.
Heilpendelruter
For at flest mogleg skal sleppe overgang i sentrum, koplar trafikkselskapa radielle ruter der dette er mogleg. Figuren nedanfor viser korleis bustadområde 5 er kopla til bustadområde 1. Den kopla ruta kallar vi ei heilpendelrute. Slike ruter pendlar mellom område med omtrent like stor folkemengd på kvar side av sentrum.
Tverrsamband
Etter kvart som byane veks, oppstår det handelssenter og næringsområde utanom sentrum. Over tid gir dette grunnlag for å opprette tverrsamband. Tverrsamband er ruter som ikkje går via sentrum.
I dag ser vi at kollektivtilbodet i større byar har tverrsamband i rushperiodane. I desse periodane er etterspurnaden etter direktesamband ofte stor nok til å gi grunnlag for direkteruter (tverrsamband).
Oslo har mange tverrsamband heile døgnet sidan trafikkgrunnlaget er tilstrekkeleg stort. Figuren nedanfor viser prinsippet.
Ringruter
Ein måte å skape eit tilstrekkeleg trafikkgrunnlag (5000 personar) for ei bussrute på er å opprette ringruter. Vi lagar då samanhengande tverrsamband mellom mange bustadområde og næringsområde. På denne måten får alle som bur i områda som blir trafikkerte, eit tilbod. På slike ruter går passasjerar på og av heile tida. Figuren nedanfor viser prinsippet.