Hopp til innhald

Religion i sosiale medium

Vi bruker sosiale medium til å forme eit bilete av kven vi er. Korleis stiller unge seg til religion i sosiale medium?
Foto med grafikkelement viser tre ungdommar som bruker nettbrett og mobiltelefon i inngangsområdet i ein offentleg bygning. I lufta rundt dei svever ikon som illustrerer interaksjonen som går føre seg, til dømes eit kamera, ei snakkeboble, eit hjarte og ein tommel opp. Fleire andre ungdommar i bakgrunnen.

Oppgåve 1

Det har blitt ganske vanleg at arbeidsgivarar googlar namnet til dei som søker på stillingar hos dei. Korleis trur du digitale spor knytte til religion slår ut i ein slik samanheng?

  1. Kva er avgjerande for om noko blir oppfatta som positivt eller negativt?

  2. Har det noko å seie kva slags jobb ein søker på, trur du?

  3. Burde forholdet ditt til religion ha noko å seie når du søker jobb?

Oppgåve 2

Les kronikken "Mange unge muslimer og kristne er redde for å ytre seg om religion i sosiale medier".

  1. Det er både positive og negative sider ved det å bruke sosiale medium til å fremme den religiøse ståstaden sin. Kva positive og negative sider blir trekte fram i artikkelen?

  2. Ifølge artikkelen er det meir vanleg for muslimske unge kvinner som bruker hijab, å legge ut religiøst innhald enn det er for muslimske unge menn. Kvifor trur du at det er sånn?

  3. Trur du det er lettare for ikkje-religiøs ungdom å legge ut noko om ståstaden sin enn det er for religiøs ungdom å legge ut noko om trua si på sosiale medium? Grunngi svaret.

  4. Ifølge ein av informantane er det eit demokratisk problem at mange vegrar seg mot å ytre seg om religion. Er du einig i dette? Grunngi svaret.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022