Felles programfag på vg2 landbruk og gartnernæring. Vi utviklar faget slik at det er klart til skulestart 2025.
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2)
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Vi utviklar faget produksjon og tenesteyting for vg2 landbruk og gartnarnæring. Her finn du informasjon om kva vi planlegg, og korleis vi jobbar.
Husdyra er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg er storfe, småfe, gris og fjørfe.
Storfe er samlenemninga for kyr, oksar, kviger og kalvar. Det er mange ulike storferasar i verda, i Noreg er det flest av rasen NRF (norsk raudt fe).
Småfe er sau og geit. Saueproduksjon gir oss kjøtt og ull, og geiteproduksjon gir oss mjølk og kjøtt. Utleige av geiter til landskapspleie er òg vanleg.
I norsk griseproduksjon er det strenge reglar for dyrevelferd og rett fôring og stell. Det er viktig med strenge reglar for å sikre grisane eit godt liv.
For både bonden og gartnaren er planteproduksjon ein sentral del av jobben: planter som fôr til husdyr, mat til oss sjølve eller pynt i stova eller parken.
I dette emnet lærer du om utviklinga til kornplanta frå frø til modent korn og korleis du kan bidra til at du får ei avling av god kvalitet.
Potet er globalt ei viktig matplante. I Noreg blir ho dyrka over heile landet, nokon dyrkar i ein liten pallekarm, andre har potetdyrking som leveveg.
Emnet handlar om dyrking av tradisjonelle, norske grønsaker som kålvekster, gulrot og lauk.
Emnet handlar om veksthusteknikk, produksjon av tomat, agurk, sommarblomstrar, potteplanter og blomstrar til snitt.
Både beitegras, grønfôrvekstar og kålrot er grovfôr, men det er fleirårig eng med kløver og gras som utgjer hovuddelen av grovfôret i fôrrasjonen til dyra.