Hopp til innhald

Fagstoff

Austerrike

Ein reknar med at det har vore produsert vin i Austerrike så langt tilbake som før 500 f.Kr.

Historikk

Kart over vinregionene i Østerrike. Illustrasjon.

Ein reknar med at det har vore produsert vin i Austerrike så langt tilbake som før 500 f.Kr. Som vinland var det nok på høgda for om lag 100 år sidan då Wien var hovudstad for det austerriksk–ungarske keisardømet. Seinare fekk vineksporten og det gode ryktet til landet ein knekk med vinskandalen i 1985. Ein del menneske blei sjuke av å drikke søte vinar. Ved analyse fann ein ut at dei var tilsette glykol (frostvæske). Dette var gjort for å få det til å sjå ut som om vinane inneheldt meir sukker enn dei eigentleg gjorde. Nokre produsentar såg på denne måten ei moglegheit til rask forteneste. (Det er jo sukkermengda som bestemmer kvalitetsklassen.) Det er likevel ingen fare med austerriksk vin no, det sørgjer streng kontroll frå styresmaktene for.

Om lag 75 prosent av vinproduksjonen er kvitvin, og sjølv om raudvinen ikkje har vore særleg kjend, blir det no produsert nokre absolutt brukande eksempel.

Vinlov

Vinloven er i stor grad lik den tyske, men har enkelte særtrekk. Kabinett er alltid tørre, mens Spätlese kan vere både tørre og søtlege. I Austerrike har ein ei nemning, Ausbruch, som ligg mellom Beerenauslese og Trockenbeerenauslese. Det blir òg laga ein vin som blir kalla Strohwein, der druene er blitt tørka på stråmatter i minst 3 månader.

Østerrike har DAC

DAC er forkorting for Districtus Austria Controllatus. Dette tilsvarar omtrent systema med AOP (tidligere AOC) i Frankrike og DOC i Italia, og er eit uttrykk for ei statleg kontrollert utspring av vinen.

Regionar

Landet blir delt inn i fire regionar med diverse underdistrikt. Alle ligg aust i landet.

Niederösterreich

Regionen Niederösterreich er den største og ligg lengst mot nord. Han strekkjer seg langs elva Donau og omgir Wien, sjølv om det er ein eigen vinregion. Kjende namn er mellom andre Krems, Weinviertel og Wachau. Det blir produsert mykje god tørr kvitvin, men dei søte er òg bra representerte. Austerrike sin Grüner Veltliner er svært god i desse områda, men rieslingvinen er òg bra. I det sørlegaste området i regionen, Baden, blir det laga ein del brukande raudvin.

Burgenland

Regionen Burgenland er den nest største i landet og ligg lenger søraust mot grensa til Ungarn. Her blir temperaturen høgare, og med ein del fukt er det gode forhold for edelsøte vinar. Mykje brukte druer er Müller-Thurgau, Rheinriesling, Italiensk Riesling og Muskat-Ottonel. Her blir det òg laga noko raudvin.

Vinane som blir laga i Steiermark og Wien, er nok noko enklare enn dei som er nemnde ovanfor, men sjølvsagt kan det finnast bra vin. Om du kjem til Wien, bør du prøve Heurige, som er byvinen. Heurige betyr eigentleg «dagens» vin, men nemninga blir brukt om årets vin, altså vin som er heilt ung og inneheld litt karbondioksid. Han blir seld på vertshusa som ligg i utkanten av byen. Her er det vinkos og god stemning. Du kan ta buss eller trikk ut til vinområda. Prøv det!

Drua Grüner Veltliner

Den «store» og spesielle drua i Austerrike er Grüner Veltliner. Vinen er oftast tørr og har ein frisk, fruktig smak. Dei beste druene gir ein litt peparaktig smak. Jamt over har kvitvinane noko mindre syre enn dei tyske, men med det i bakhovudet har dei omtrent den same bruken. Ein del kan gjerne samanliknast med vinar frå Baden eller Rheinhessen-Pfalz.

I Austerrike og austlege land i Europa blir det brukt to Riesling-typar: Rheinriesling som er den tyske, og Italiensk Riesling som er ein slektning. Han gir noko enklare vin.

Etikett som tilhører en Pfaffstattner vinflaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Andre vinområde