Hopp til innhald

Kost ved spesielle behov

Mat og helse
Opne bilete i eit nytt vindauge

Menneska har individuelle behov også når det gjeld kosthaldet. Som helsefagarbeidar må du gjere deg kjend med det dei kan og bør få tilbod om. På denne sida finn du nokre døme på tilstandar som krev spesielt tilpassa kosthald.

Cøliaki er ein tilstand der tarmtottane i tynntarmen blir øydelagde på grunn av betennelse. Betennelsen kjem av ein unormal reaksjon på stoffet gluten.

Cøliaki. Helsedirektoratet

Allergi mot eller intoleranse overfor kumjølkprotein, laktoseintoleranse, behandlar vi med mjølkefri kost. Typiske symptom på tilstanden er at ein kjenner seg oppblåst, har luftplager, kvalme og diaré.

Laktoseintoleranse. Helsedirektoratet

Norske undersøkingar har vist at eldre menneske kan ha lågt inntak av vitamin D.

Vitamin D

Problem med å ete og å svelgje blir på fagspråket kalla dysfagi. Pasientane kan ha vanskar med å utløyse svelgjerefleksen, slik at maten blir liggjande i munnen. Maten kan også gøyme seg i små holrom i svelget, for seinare å gli ned i luftvegane. I tillegg kan pasienten svelgje vrangt, slik at mat og væske renn ned i luftvegane. At mat og væske kjem ned i luftvegane, kallar vi aspirasjon.

spisehjelp.no

Pasientar som har lågt inntak av energi eller næringsstoff, bør få i seg energi- og næringstett kost.

Energi- og næringstett kost

Unormale reaksjonar på mat, at ein er overfølsam overfor matvarer, rammar mange barn og ein god del vaksne.

Følg lenkja til Astma- og allergiforbundet. Der finn du faktaark og mykje relevant fagstoff.

Mat og matvareoverfølsomhet. NAAF

Pasientar som ikkje kan få i seg den næringa dei treng ved vanlege kost- eller næringsdrikker, kan få mat gjennom ein sonde. Ved sondeernæring får pasienten tilførsel av ernæring ved hjelp av ein sonde via nasen eller gjennom bukveggen og inn i magesekken eller øvste del av tarmen.

Les om gastrostomi, PEG og knapp i denne lenkja:

spisehjelp.no

Mange pasientar har problem med forstopping eller obstipasjon. Ved obstipasjon kan pasienten bli kvalm, kjenne seg oppblåst og få smerter i magen og endetarmen.

Du finn meir fagstoff om emnet ved å følgje lenkja «obstipasjon» i lenkjesamlinga. Under finn du nokre kostråd ved obstipasjon.

Obstipasjon – sjukepleietiltak ved ernæring

Diaré er hyppig, laus og vassaktig avføring. Ved matforgifting får ein ofte magesmerter og oppkast i tillegg til diaré. Når ein har diaré, klarer ikkje tarmen å suge opp vatn og salt som resten av kroppen treng. Den største faren ved diaré er uttørking og saltmangel.

Diare. Apotek 1

I eit fleirkulturelt samfunn som det norske møter du brukarar og pasientar med forskjellige mat- og kulturtradisjonar. Du kan repetere frå Vg1 helse- og oppvekstfag ved å følgje denne lenkja:

Mat og kultur

Utfordringar til deg:

Oppgåver til "Kost ved spesielle behov"
  1. Lag eit samandrag som gjer greie for tilstandar som er skildra på denne sida.
  2. Saknar du andre tilstandar på denne sida? Fortel i tilfelle om dei.
  3. Forklar kva dysfagi er.
  4. Gi eksempel på pasientar som kan ha dysfagi.
  5. Dersom nokon svelgjer vrangt og får mat i lungene, blir det kalla aspirasjon. Søk på nettet eller bruk andre kjelder for å forklare uttrykket «å aspirere».
  6. Ein pasient som svelgjer vrangt, kan få aspirasjonspneumoni. Kva er det?
Oppgåver til filmen «Mat ved spesielle behov»
  1. Gjer greie for kva cøliaki er.
  2. Forklar kva gluten er.
  3. Nemn eksempel på glutenfri mat.
  4. Du skal lage mat for ein pasient som har cøliaki. Forklar korleis du planlegg og gjennomfører matlaginga, og fortel kvifor du gjer det du gjer.
  5. Foreslå ein dagsmeny for ein person som har cøliaki.
  6. Cøliaki er ein autoimmun sjukdom. Forklar kva det er.
  7. Nemn andre autoimmune sjukdommar enn cøliaki.
  8. Kva lærte du i denne filmen som du kan ha nytte av når du arbeider med personar som treng spesielt tilrettelagt kosthald?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2017