Hopp til innhald

Obstipasjon – sjukepleietiltak ved ernæring

  • Slaggrik plantekost som til dømes heilkornbrød og råkost gjer avføringa fyldigare.
    Det har ein positiv verknad på tarmfunksjonen.
  • Frisk og tørka frukt, som til dømes pærer, mjuk mango, plommer, svisker og fiken,
    stimulerer tarmperistaltikken. Hard frukt og sitrusfrukter er ikkje tilrådeleg i kosthaldet
    til obstiperte.
  • En bør dele opp grønsaker og frukt. Grunnen til det er at slike matvarer kan klumpe seg
    i tarmen.
  • Rikeleg drikke gjer avføringa mjukare. Ved inntak av fiber er det viktig at pasienten drikk rikeleg, slik at fiberen svell ut og hjelper til med transporten av mat og avføring i tarmen. Dersom pasienten ikkje aukar væskeinntaket ved inntak av fiber, syg fiberen opp den
    væska som er der. Det forverrar obstipasjonen.
  • Svisker og linfrø som har svolle over natta i eit glas vatn, kan få fart på avføringa.
  • Vi bør unngå matvarer som bananar, blåbærsaft, nøtter og popkorn fordi dei kan gi obstipasjon. Det kan òg fruktskal og grønsaker med lange trevlar.
CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2016