Hopp til innhald
Nynorsk
Video

Referansar i gatekunst

Kva vil det seie å bruke referansar i eige skapande arbeid, og korleis bruker gatekunstnarar referansar til populærkultur og historiske verk? Vi tek ein guida tur gjennom London og ser nærmare på nokre utvalde gatekunstnarar.

Kva er referansar?

Her skal det komme ein animasjon om referansar.

Blek le rat og historiske verk

Blek le rat var ein av dei første graffitikunstnarane i Paris og har blitt beskrive som "far til sjablonggraffitien". Han har mellom anna brukt teknikken til å gi att motiv som vi kan kjenne igjen frå kunsthistoria.

Blek le rat skal ha sagt at han ønskte å hente karakterar i kjende kunstverk ut frå musea og gi dei tilbake til befolkninga i byen. Vi kan finne referansar til historiske verk av Caravaggio, Michelangelo og Leonardo da Vinci i gatekunsten hans. Ved å plassere dei kjende motiva inn i nye samanhengar skaper han nytt innhald i gatekunsten sin. Korleis opplever du Mona Lisas mystiske smil når ho står med ein sprayboks i handa?

Populærkultur

Kultur som appellerer til folk flest, kallar vi for populærkultur eller popkultur. Dette kan vere film, tv-seriar, , mote, sosiale medium, pop- og rockemusikk.

Populærkulturen endrar seg heile tida og blir påverka av underhaldning, massemedium og kommersielle interesser. TikTok-dansar kan til dømes spreie musikk og mote og gjere både artistar og klede in på kort tid.

Dataspel

Dataspel er ein av dei største hobbyane blant norske barn og unge og ein del av populærkulturen vår. Foreldregenerasjonen hugsar gjerne tidlege videospel som Pac-Man og Space Invaders. I fotoa over og under ser vi korleis gatekunstnarar har plukka element frå kjende spel og sett dei inn i ein ny samanheng i bybiletet.

Film: Referansar i gatekunst

I filmen under (lengde: 4:59) utforskar vi gatekunst i London og ser korleis kunstnarar kan bruke referansar til populærkultur og historiske verk.

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Reflekter og diskuter

Bruk kommunikasjonsmodellen frå illustrasjonen over når de skal gjere denne refleksjonsoppgåva. De finn nærmare forklaring av modellen i artikkelen "Kommunikasjonsteori for KDA-elevar".

  1. Peik på forskjellar og likskapar i kunstverket Mona Lisa som er utstilt på Louvre-museet, og den nye versjonen som har blitt til gatekunst i Shoreditch (vist mellom 3:27 og 3:52 i filmen over og i bileta under).

  2. Korleis tolkar de dei to portretta?

  3. Korleis verkar referansen til Mona Lisa inn på korleis de opplever gatekunsten?

Kjelder

Blek le Rat (u.å.). Blek le rat. Henta 16. april 2026 frå https://blekleratoriginal.com/en/blek-le-rat

Medietilsynet (2022, 9. mars). Gamingvettreglene. https://www.medietilsynet.no/digitale-medier/dataspill/gamingvettreglene/

Relatert innhald

Historisk blikk på gatekunst

Gatekunst har utvikla seg frå ulovleg graffiti til å også bli eit anerkjent kunstuttrykk. Møt nokre kunstnarar som har bidrege til dette.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 30.04.2026