Hopp til innhald
Nynorsk

Kommunikasjonsteori for KDA-elevar

Når kunstnaren uttrykkar seg gjennom kunstverka sine, er dette kommunikasjon. Motivasjonen og formålet med eit kunstverk og med eit reklamebilete er ulike. Men i begge tilfelle kan vi undersøke kva verkemiddel som er brukte, og kva effekt dei har på oss.

Fagomgrep

sendar
ein person eller ei verksemd som sender ei melding, eller ein kunstnar som formidlar eit innhald gjennom eit kunstverk
bodskap
informasjonen som blir utveksla mellom sendar og mottakar. I eit kunstverk kan det vere innhaldet ein kunstnar vil formidle gjennom verket
form (òg kalla kanal)
mediet, tenesta eller plattforma der du får overført bodskapen. Ein kunstnar vel kva type kunstverk hen vil skape og kvar det skal delast med andre
mottakar
den som tek imot ei melding frå ein sendar
betraktar
den som ser og opplever eit visuelt kunstverk
tilbakemelding
responsen meldinga utløyser hos mottakaren
støy
alt som står i vegen for at meldingar skal kunne nå fram slik dei er meinte
denotasjon
den direkte betydninga av eit ord eller ei nøytral beskriving av innhaldet i eit bilete
konnotasjon
kulturelt funderte førestillingar eit ord eller bilete kan gi, assosiasjonar som blir delte av fleire

Ein generell kommunikasjonsmodell

Når du kommuniserer med dei rundt deg, er det for å fortelje eller spørje om noko. Du sender ein bodskap med ord og kroppsspråk med meir eller mindre viktig informasjon. Du er avsendar og dei rundt deg er mottakarar. I responsen dei gir, er rollene snudde.

Målet er å gjere seg forstått. Om du seier noko på feil måte, kan mottakaren tolke bodskapen på ein annan måte enn det du meinte. Alt som øydelegg for at bodskapen blir oppfatta rett, kallar vi i denne samanhengen støy.

Reklame sender bodskap for å få deg til å kjøpe noko. Styresmaktene kan sende deg ein bodskap som har som mål å få oss til å velje noko som er bra for helsa. Begge kan til dømes bruke annonsar i sosiale medium, men målet er få deg til å handle på ein bestemd måte.

God biletkommunikasjon føreset samhandling mellom kunstnar, kunstverk og betraktar. Modellen under kan hjelpe deg å bli klar over korleis kommunikasjon i ulike former fungerer.

Tenk over

Korleis kan du bruke kommunikasjonsmodellen over om du skal utvikle ein idé til eit kunstprosjekt som formidlar eit samfunnskritisk innhald?

Ein kommunikasjonsmodell for kunstverk

Kunst vender seg til heile mennesket. Vi bruker både sansar, tankar og kjensler når vi opplever kunst. Modellen under viser korleis du kan beskrive eit kunstverk og samtidig ta med den personlege opplevinga di når du skal tolke det.

Kontekst

Kontekst betyr samanheng. Vi skil mellom indre og ytre kontekst, altså mellom det som finst i sjølve kunstverket, og i situasjonen rundt det.

Betraktaren og ytre kontekst

Betraktaren er den som ser på eller opplever kunsten. Personen med ryggen mot oss i modellen over representerer betraktaren.

Betraktaren studerer to ulike kunstverk, og den stipla ovale sirkelen står for den større konteksten kunstverka er plasserte i.

Om eit kunstverk er på ei utstilling eller er avbilda i ein annonse på sosiale medium, påverkar korleis det blir oppfatta. Er kunstverket ein kommentar til noko samfunnsaktuelt, eller er innhaldet meir tidlaust?

Kognitivt utgangspunkt

Det kognitive er det som har med tenking og fornuft å gjere. Her handlar det om korleis du bruker bakgrunnen og kunnskapane dine når du skal tolke eit kunstverk.

Det kognitive utgangspunktet ditt blir påverka av erfaringane du har med deg, og av kva utdanning og kulturell bakgrunn du har. I tillegg vil kunnskapane dine om visuelle verkemiddel og om teknikkar og materiale innan kunst virke inn.

Affektivt utgangspunkt

Det affektive er knytt til kjenslene. Dette er den subjektive opplevinga av kunstverket, og henne kan det vere vanskelegare å setje ord på. Kva temperament og kjensleregister du har generelt og i den augeblinken du opplever eit kunstverk, kan spele inn på tolkinga di.

Fornuft og kjensler

Det kognitive og det affektive verkar på kvarandre. Det du lærer og erfarer, vil prege korleis du blir kjenslemessig påverka, og kjenslene ved kunstopplevingar bidreg til nye erfaringar og kunnskapar. Det betyr at du kan oppleve same kunstverk heilt ulikt på to ulike tidspunkt.

Den indre konteksten i kunstverket

Dei to bileta betraktaren på modellen studerer, skal illustrere to kunstverk.

Vi kan seie noko om komposisjon, fargebruk, symbol, teknikkar og materiale, men for å tolke motivet må vi sjå på alle delane og heilskapen samtidig. Dette kallar vi den indre konteksten i kunstverket. Bileta er skapte av ein bestemd kunstnar i ei bestemd tid, og kunstnaren har valt visuelle verkemiddel og element for akkurat desse motiva.

Denotasjon og konnotasjon

I ein biletanalyse er denotasjonen ei nøytral beskriving av det vi ser i kunstverket. Då konstaterer vi ut frå det venstre biletet at vi ser ei dame, blomstrar samla i ein bukett og ein stein som stikk opp av jorda.

Konnotasjon bruker vi om kva tinga kan bety utover det vi ser. Dette er kulturelle assosiasjonar som blir delte av fleire.

Denotasjon er nyttig for å registrere kva som er med, før vi startar med å tolke kunstverket. Ved konnotasjon får enkelte ting ei ekstra betydning for korleis vi tolkar heilskapen i biletet.

Tolking av symbol i dei to bileta

Vi kan objektivt sjå ei kvinne med ein blomsterbukett på begge bileta, men kva blomsterbuketten symboliserer, og kva situasjon kvinna er i, må vi tolke ut frå kva for andre element som er med i motivet.

Biletet til venstre viser kvinna ved ei grav, og vi kan rekne med at ho vil setje blomstrane i vasen framfor gravsteinen. Betraktaren har kunnskap om at i denne kulturen er det ein skikk å setje blomstrar på graver.

På biletet på høgre side står ein mann med blomster i knappholet i bakgrunnen, og vi kan derfor tolke at kvinna skal gifte seg. Brurebukett er òg kjend i fleire kulturar. Same kvinne og same bukett får to ulike roller på grunn av det vi elles ser i biletet.

Øving

Bruk eit kvarter der du vurderer måleriet under ut frå kommunikasjonsmodellen for kunstverk. Noter stikkord om kontekst, visuelle verkemiddel og korleis du opplever biletet.

Diskuter

Gå saman to og to og diskuter kva de har notert, og korleis de opplevde biletet.

Kjelder

Moen, I. B. (1999). Komposisjon og egenutvikling. Yrkesopplæring ans. Oslo.

Svennevig, J. (2025, 12. november). Kontekst. I Store norske leksikon. https://snl.no/kontekst

Relatert innhald

Visuell kommunikasjon

Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og andre synlege uttrykk.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 22.04.2026