Praterobotar og vurdering: VuKI-modellen
VuKI: Frå ingen til utforskande bruk av KI
VuKI-modellen presenterer fem kategoriar for integrasjon av KI, frå vurderingssituasjonar heilt utan bruk av KI til elevaktivitetar der praterobotar og KI inngår kreativt og utforskande gjennom heile læringsprosessen.
Skalaen er femdelt, frå inga til full integrering av praterobotar i opplæring. Gjennom å integrere praterobotar i ulik grad og i ulike samanhengar sikrar du at elevane lærer seg å bruke praterobotar som læringsfremmande og ikkje læringshemmande verktøy.
1. Ingen bruk av KI
Elevane viser kompetanse utan hjelp av praterobotar.
Oppgåver i denne kategorien vektlegg hukommelse, sjølvstendig tenking eller praktiske ferdigheiter.
Læringsprosessen er lagd opp slik at du ikkje må ta omsyn til bruk av KI i vurderingsarbeidet.
2. KI brukt i planlegging og som didaktisk variasjon
Elevane bruker praterobotar til å idémyldre, lage disposisjonar eller utforske faglege tema eller problemstillingar.
I denne kategorien bruker altså elevane praterobot som assistent i ein planleggingsfase, men dei sluttfører arbeidet utan støtte.
Det er viktig at elevane reflekterer over eigen bruk av praterobotar. Du kan vurdere og avklare om desse refleksjonane inngå i vurderingsgrunnlaget.
Spørsmål som er verdt å stille seg kan vere: Kva er kjenneteikn på god refleksjon over KI-bruk? Kor mykje skal refleksjonen telje i det totale vurderingsgrunnlaget?
3. KI brukt undervegs
Elevane bruker praterobot som assistent for å forbetre og revidere ei oppgåve. Praterobotar gir til dømes tilbakemelding på tekstutkast, struktur, ordval og rettskriving.
Både lærar og elevar må ha kompetanse i å skrive instruksar til ein praterobot og vurdere kvaliteten på svara.
Elevane sin dokumentasjon og kritiske refleksjon rundt eigen bruk av praterobotar bør inngå i vurderingsgrunnlaget. Kva slags kompetanse i KI-bruk forventar du? Kva kriterium må elevane oppfylle for å vise kritisk refleksjon?
4. Gjennomgåande bruk av KI
Elevane bruker praterobotar gjennom heile læringsprosessen.
Arbeidsoppgåvene elevane jobbar med, er opne. Dei krev tett oppfølging av læraren, og vurdering tek høgde for gjennomgåande bruk av praterobotar i læringsarbeidet.
Kva skal elevane eigentleg lære seg når dei får lov til å bruke praterobotar gjennom heile læringsprosessen? Viser elevane kompetanse i samspel med KI? Kva vurderingskriterium skal gjelde?
5. Utforskande KI
Elevane lagar eigne KI-verktøy, spel eller KI-generert innhald som bilete, tekstar og video.
Elevane jobbar kreativt og utforskande med praterobotar. Elevaktivitetar oppmuntrar til entreprenørskap, samarbeid og tverrfaglege prosjekt.
Vurderingsgrunnlaget er hovudsakleg knytt til KI-bruk. Korleis viser elevane fagleg kompetanse gjennom bruk og justering av KI-instruksar?
Forenkla VuKI-modell til klasserommet
Elevar treng tydelege rammer for når og korleis dei kan bruke praterobotar. Ein enkel måte å kommunisere det på er med trafikklysmodellen, ein forenkla versjon av VuKI.

Trafikklys for bruk av KI i klasserommet
Med eit trafikklys signaliserer du tydeleg om det er i orden for elevane å bruke KI i arbeid med oppgåver.
- Last ned som plakat(PDF)
Bruk Vuki sammen med Blooms taksonomi
Bruk Blooms læringsskala for å definere kva praterobotar skal brukast til.
På kva trinn av skalaen skal elevane bruke prateroboten?
Korleis skal dei dokumentere og/eller reflektere over si eiga læring med utgangspunkt i Blooms taksonomi?
Set du fokus på eitt læringsverb og diskuterer kva det vil seie å forstå, eller kva det vil seie å vurdere, til dømes, legg du grunnlaget for at elevane blir bevisste kva dei lærer med praterobotar.
Bruk Vuki sammen med baklengs planlegging
I kombinasjon med prinsippet om baklengs planlegging gir VuKI-modellen deg eit rammeverk som sikrar ein tydeleg samanheng mellom læringsmål, elevaktivitetar og vurderingsformer.
Still spørsmåla:
Læringsmål: Kva skal elevane lære?
Vurdering: Korleis skal læringa til elevane vurderast? Kva skal vere bevis på læring?
Elevaktivitet: Kva elevaktivitetar må til for å skaffe bevis på læring?
Baklengs planlegging og bruk av praterobotar
Du har danna deg ei oversikt over læringsmål, kva elevane skal bli vurdert etter, og kva læringsaktivitetar dei skal gjennom. Vidare kan du gå til VuKI-modellen for å vurdere om KI skal inngå som ein del av undervisninga.
I kva elevaktivitetar skal elevane bruke praterobotar?
Skal bruk av praterobotar inngå i vurderingsgrunnlaget?
Kva opplæring treng elevar i bruk av praterobotar?
Kva slags dokumentasjon, logg og/eller refleksjonar trengst eventuelt som del av vurderingsgrunnlaget?
Ta ein dobbeltsjekk:
Lærer elevane det du vil dei skal lære, gjennom dei elevaktivitetane du har planlagt?
Får du skaffa bevis på læring gjennom aktivitetane du har planlagt?
Er det mogleg å gi formativ vurdering og/eller sluttvurdering etter dei kriteria du har sett opp?
Til fordjuping
Ressurssider om KI i læring: UiA: LIFT – læring, innovasjon, forskning og teknologi
Erfaringsdeling frå Jan Eirik Paulsen ved Glemmen videregående skole om utforsking av praterobotar i klasserommet: Erfaringsdeling frå lærar
Ressursar om KI i skolen på nettsida til lærar og bibliotekar Gry Jacobsen: Gry Jacobsen: Kunstig intelligens i skolen
metaLAB ved Harvard har læringsressursar og pedagogiske løysingar for kompetanseheving: metaLAB (at) Harvard: AI pedagogy project

