Hopp til innhald

Samisk og norsk verkelegheitsforståing i tekstar

Kva skil samisk og norsk verkelegheitsforståing, og korleis kan samiske tekstar utfordre det norske nasjonale sjølvbiletet?
Stilisert sol med kors i midten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Samisk og norsk verkelegheitsforståing

  1. Les artiklane Tekstar og nasjonale og globale sjølvbilete og Tekstar og verkelegheitsforståinga til kulturar.

  2. Diskuter og reflekter: Kva kan vere forskjellar i samisk kulturs og norsk kulturs verkelegheitsforståingar?

  3. Diskuter og reflekter: Kva slags funksjon har ein nasjonalsong, i kva situasjonar blir dei sunge, og kva gjer det med oss når vi høyrer dei?

2. Samanlikn to nasjonalsongar

Sjå på dei to nasjonalsongane til Sápmi og Noreg og samanlikn korleis dei to tekstane framstiller naturen og nasjonen eller folket dei omtaler.

  1. Lag eit dokument med to kolonnar, ein med tittelen "natur", og ein med overskrifta "nasjon/folk".

  2. Del kvar av kolonnane i to igjen, og legg inn skildringar av dei to temaa frå songtekstane ved sida av kvarandre.

  3. Samanlikn framstillingane i dei to tekstane. Kva er likt? Kva er ulikt?

  4. Diskuter: Kva fortel dei to tekstane oss om verkelegheitsforståinga til dei to kulturelle fellesskapane dei representerer?

3. Samiske perspektiv som utfordrar

Jenni Laiti

Sjå del 2, 3 og 5 i episoden av NRK-serien Árdna: Samisk kulturmagasin. Her møter du Jenni Laiti, talskvinne for den samiske kunstnar-gruppa Suohpanterror.

  1. Kva syn på naturen legg Laiti fram i intervjuet?

  2. Korleis framstiller ho samefolkets forhold til styresmaktene i dei skandinaviske landa som Sápmi er ein del av?

  3. Kva vil Suohpanterror oppnå med kunsten sin?

Suohpanterror

Sjå på bileta på Instagram-kontoen til gruppa Suohpanterror og les artiklane Postkolonialisme og Postkolonialisme på norsk.

  1. Kjenner du igjen symbol frå andre typar motstandskamp i Suohpanterrors Instagram-bilete?

  2. Kjenner du igjen noko frå perspektivet i postkolonialisme-artiklane i intervjuet med Laiti og i bileta til Suohpanterror?

  3. Vel eitt av bileta frå Suohpanterrors Instagram-konto som du synest framstiller verkelegheita på ein måte som utfordrar ditt eige syn på ho. Kan dette biletet bidra til å endre synet ditt?

  4. Diskuter: Korleis kan Suohpanterrors framstilling av verkelegheita, samfunnet og naturen utfordre det norske sjølvbiletet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021