Tekstar og nasjonale og globale sjølvbilete

Litteratur og idéen om nasjonale fellesskapar
Litteratur har spelt ei viktig rolle for å forme idéen om nasjonale fellesskapar på tvers av regionale og økonomiske forskjellar, idéar som folket kunne slutte seg til. Norsk litteraturhistorie etter 1814 er eit godt døme på dette.
Norske forfattarar spelte ei viktig rolle i å konstruere biletet av noko særeige norsk som ein kunne samle seg rundt, og bondesamfunnet blei ofte brukt som eit symbol på dette. Synnøve Solbakken av Bjørnstjerne Bjørnson er eit døme på ein tekst som gav både historisk bakgrunn og "urnorske" karakterar som ein kunne identifisere seg med i denne nye, norske fellesskapen.
Den norske naturen har òg blitt ein viktig del av det norske, nasjonale sjølvbiletet. Britiske overklasseturistar var dei første til å innta dei norske fjella, og reiseskildringane deira har spelt ei rolle i dette sjølvbiletet (Libell, 2020). I våre dagar kan bilete frå noregsferien med fjell, skog, fjordar og andre naturopplevingar på sosiale medium òg bidra til korleis vi førestiller oss "det norske".
Heltar og antiheltar
Tekstar kan òg bidra til å halde ved like eller endre nasjonale sjølvbilete. Andre verdskrigen blei ei svært viktig hending for den norske nasjonalkjensla, då landet blei trua av okkupasjonen til nazistane. Ulike tekstar som framstiller hendingar i denne perioden, har bidrege til ei bestemd forståing av krigen. Erfaringane til norske jødar blei ikkje tekne med i dei første skildringane. Den norske motstandsrørsla stod sentralt i forteljingane, med sterke skildringar av oppofring og heltemot.
Det vekte derfor sterke reaksjonar då boka Hva visste hjemmefronten? av Marte Michelet kom ut i 2018. Michelet hadde forska i historiske kjelder, og funna hennar rokka ved den etablerte forståinga av andre verdskrigen i Noreg. Denne forståinga kalla ho i boka "hjemmefrontnarrativet". Ho peikte på at heimefronten kunne gjort meir for å hjelpe jødane i Noreg, men at antisemittistiske haldningar gjorde at dette ikkje blei prioritert.
Kritikarane av Michelet meinte at ho hadde gått for langt i å stadfeste sitt narrativ, sin versjon av historia, der motstandsrørsla blei tolka i eit altfor negativt lys. Dette er eit godt døme på at tekstar kan både skape og rive ned måten vi forstår verkelegheita på, ved at dei gjentek eller rokkar ved etablerte narrativ som kulturelle fellesskapar samlar seg rundt.
Koloniblikket
Synet på Vesten som sivilisasjonen og resten av verda som primitive blei både forma og halde oppe av tekstar. Sidan det var dei færraste som hadde høve til å reise langt frå heimtraktene, var reiseskildringar og andre tekstar svært viktige for å forme blikket på "dei andre". Litteraturforskaren Edward Said fastslo at forteljingane var sjølve kjernen av maktgrunnlaget til kolonialismen (Vold, 2019).
Reiseskildringar og andre tekstar frå kolonimaktene har òg spelt ei viktig rolle i det vestlege verdsbiletet. Der blei Europa sett på som sivilisasjonen, målt opp mot den primitive resten av verda.
Sett frå ein vestleg, etnosentrisk ståstad, blei samfunna dei besøkte på reisene sine, beskrive som primitive og barbariske. Romanen Robinson Crusoe frå 1719, skriven av Daniel Defoe, handlar om ein mann som strandar på ei aud øy og bygger opp sitt eige vesle rike der. Boka blei ein inspirasjon for dei som reiste ut i verda for å oppdage nye landområde. Øya var jo ikkje utan folk, det kjem fram av handlinga når ein innfødd mann som Crusoe gir namnet Fredag, dukkar opp. Det budde berre ikkje "siviliserte" menneske der. Crusoe personifiserte kolonimaktene som førte sivilisasjonen til "usiviliserte" land, og er eit tydeleg døme på dette koloniblikket på verda (Vold, 2019).
I den seinare tida har det blitt påpeikt at dette blikket òg prega Knut Hamsuns skildringar av landskapet på Hamarøy i Markens Grøde. Samiske Anne Kristin Gurák fortel Morgenbladet om opplevinga si av å lese om heimstaden i Hamsun-romanen: "Når eg les Hamsuns skildringar av landskapet vårt i Markens grøde, er det som om vi samar ikkje var til stades der, i vårt eige land" (Hovden, 2021).
"The empire writes back"
I mange tidlegare koloniar har det vore eit viktig arbeid å samle tekstar som kan erstatte forteljingane om dei frå ståstaden til kolonimakta. Denne tendensen har blitt beskriven som "The empire writes back" (kolonien skriv tilbake) (Vold, 2019).
Her i Noreg har forståinga av samisk kultur vore prega av forteljingar skrivne av prestar og misjonærar. I nyare tid har mange samiske stemmer prøvd å erstatte desse skildringane med sine eigne. Nils-Aslak Valkeapää har vore ei viktig samisk stemme. Han gav i 1979 ut Helsing frå Sameland som eit opprør mot kolonisering og overgrep, og vann Nordisk råds litteraturpris i 1991 for boka Beaivi áhčážan / Solen, min far (Gustavsen, 2009). Ella Maria Hætta Isaksen høyrer til ein ny generasjon samiske stemmer. I 2021 gav ho ut boka Derfor må du vite at jeg er same, og ho sa dette om målet med teksten: "Med denne boka vil jeg utdanne storsamfunnet, bidra til forståelse og forsoning" (Røsæg, 2021).
Tenk over / diskuter
Kva tekstar har forma korleis du ser på samisk kultur?