Deltakarar:
Sarah Natasha Melbye – programleiarVeronica Henriksen / lærling – VHHelge Kolnes – HKLivet offshore – rett og slett. Frå lærling til tilsett i offshore.
Programleiar: Det å gå frå skulebenken og ut i læretid og vidare derfrå ut i arbeid er overgangar det kan vere vanskeleg å vere skikkeleg førebudd på. For kva er det eigentleg som møter deg som lærling, og kva blir forventa av deg når læretida er over? I dag skal vi prøve å få svar på ein del av dette.
Eg heiter Sarah Natasha Melbye, og i denne dokumentaren møter du Veronica Henriksen. Ho er 25 år og jobbar som bore- og vedlikehaldsoperatør på Johan Sverdrup-feltet. Der har ho jobba i fem år, og ho hugsar godt korleis det var å vere lærling.
VH: Læretida var jo veldig utfordrande og ikkje minst ganske lærerik. Når ein blir bore- og vedlikehaldsoperatør, møter ein som regel ting ein aldri tidlegare har sett. Det er jo enorme dimensjonar både på område og maskiner. Offshorebransjen er kjend for å vere høgteknologisk, så ein får sjå veldig mykje spennande. Eg trur "spennande" er eit ganske godt nøkkelord.
Læretida utfordra meg òg til å handtere miljø eg tidlegare ikkje hadde manøvrert i. Ein går jo frå å vere ei skulejente eller skulegut, og plutseleg jobbar ein åleine med menneske som er 30–50 år, og majoriteten av dei er menn. Så det er klart at ein lærer mykje av det.
Programleiar: For Veronica var nettopp møtet med eit nytt miljø noko av det mest utfordrande i starten.
VH: Det vanskelegaste var å kartleggje kva som var forventa av meg som menneske, og kva som fungerer reint sosialt. Korleis tilpassar ein seg? Korleis snakkar ein og formulerer seg i miljøet? Og korleis handterer ein dei emosjonelle forskjellane? Når ein er ny, kan det vere vanskeleg å tore å seie det ein meiner, men eg har jobba med veldig gode kollegaer, så eg har opplevd at det stort sett har gått veldig bra. Når ein er fersk og ikkje har så høg kompetanse, handlar det om å tore å utfalde seg og vise kva ein tenkjer og kjenner.
Programleiar: Veronica seier at ein får mange verktøy som lærling, og at det er viktig å bruke dei.
VH: Boring er eit veldig omfattande yrke der vi rett og slett ikkje ser mesteparten av det vi gjer – det går jo føre seg i bakken. Det tek lang tid å få ei heilskapleg oversikt. Men eg var ein veldig aktiv lærling og brukte aktivt dei ressursane eg fekk både frå NDLA og Opplæringskontoret.
Programleiar: Aktive lærlingar er òg Helge Kolnes oppteken av. Han er konsulent ved Opplæringskontoret for oljerelaterte fag og meiner at det er viktig å bruke læretida godt.
HK: Det er viktig at alle lærlingar veit at det ikkje er nokon automatikk i å gå direkte frå læreplass til fast jobb i bedrifta etterpå. Veldig mange bedrifter ser på læretida som eit to år langt jobbintervju. Då gjeld det å vise at du er proaktiv og motivert og overtyde bedrifta om at nettopp du er ein person som det er verd å satse vidare på.
Programleiar: Veronicas eigeninnsats betalte seg. Ho fekk fast jobb etterpå, og ho føler at læretida hadde førebudd henne godt på arbeidslivet.
VH: Først og fremst førebudde eg meg på forventningane som blir stilte til den posisjonen eg skulle tre inn i. Læretida klargjer deg både fysisk og mentalt på kva arbeidslivet vil bringe. Ein forstår på ein måte kva arbeid er, og ikkje minst kva som trengst for å oppnå dei resultata som bedrifta og organisasjonen ønskjer frå deg. Ikkje minst lærte eg kor vanvitig viktig det er å vere lydhøyr og villig til å utvikle seg kontinuerleg.
Programleiar: For Veronica kom overgangen frå lærling til tilsett ganske naturleg.
VH: Som tilsett får ein jo meir ansvar med ein gong, og det blir forventa meir av deg. Men det kan nemnast at ein ikkje er ferdig utlærd etter læretida, ein vil framleis oppleve å måtte spørje om enkelte ting – og det er det ein låg terskel for. For meg var det veldig fint. Eg treivst godt med å lære å bli sjølvstendig, i den forstand at ein må finne løysingar, tenkje framover og ikkje minst opparbeide seg ei oversikt over det store biletet, som er alfa og omega i boring.
Programleiar: Veronica er i dag bore- og vedlikehaldsoperatør. Det er ein jobb ho synest det er litt vanskeleg å beskrive.
VH: Vi har ein ekstremt variert arbeidskvardag. Det vi gjer som bore- og vedlikehaldsoperatør, endrar seg etter kvar vi er i operasjonen. Ingen dagar her er like. Kort fortalt omfattar oppgåvene våre alt det fysiske som skjer i samband med boring av ein brønn. Det vil seie at vi nokre dagar opererer mykje manuelt ute i vêr og vind. Andre dagar kan vi sitje inne og køyre røyrhandteringsmaskiner og mate brønnen med røyr. Andre dagar igjen kan vi handtere væsker og kjemikaliar som vi har i brønnen. Det er vanvitig variert, såg etter fem år opplever eg framleis ting som eg ikkje har opplevd før. Det er derfor vanskeleg å beskrive ein typisk arbeidskvardag.
Programleiar: Dei varierte oppgåvene gjer altså at sjølve jobben ikkje er så lett å beskrive, men Veronica kan fortelje at ein typisk dag på plattforma er omtrent slik:
VH: Vi står opp i halv seks-tida. Eg et frukost klokka 6, og så går vi på møte. Det er jo aktivitet 24-7 der ute, så sjølv om nokon søv, går det ting føre seg. På møta kartlegg vi kva som har skjedd mens vi har sove, og kva det er forventa skal skje dei neste 12 timane. Dersom det har skjedd noko spesielt, så snakkar vi om det. Etterpå har vi eit møte med kollegaene som har same stilling som oss sjølv, der vi snakkar om detaljar rundt operasjonen som det er viktig å overlevere til dei som skal på skift. Vi har ein arbeidskvardag som varer i 12 timar. Som regel går det veldig fort, for det er ofte veldig travelt, så eg trur ikkje ein skal la seg skremme av at det høyrest mykje ut med 12 timar. Eg har jo jobba på land tidlegare, og eg må seie at dei 8 timane ofte kjendest lengre enn dei 12 som vi har. På slutten av skiftet overleverer vi informasjon til neste skift. Deretter et vi middag og har eit par timar anten til å trene, sjå på film eller snakke med kollegaer før vi legg oss.
Programleiar: Det er mange tilbod på plattforma og nok å fylle tida med dei timane ein har fri.
VH: Det er jo heilt opp til deg sjølv kva du vel å bruke og ikkje, men vi har både gamingsalar, kino, treningsrom og fellesareal der vi til dømes kan spele spel. Ganske mange av kollegaene mine, inkludert meg sjølv, trekkjer oss av og til tilbake på lugaren. Det er jo lange dagar, så nokre gonger er det herleg å berre ta det roleg dei timane ein har fri.
Programleiar: Veronica trivst godt i jobben på Johan Sverdrup-feltet. Ho liker spesielt godt alle moglegheitene som ligg i jobben.
VH: Eg synest at arbeidskvardagen er veldig utfordrande, og det trivst eg godt med. Det eg òg liker spesielt godt med yrket mitt, er at det er vanvitig store karrieremoglegheiter. Det er bygd opp etter ein ganske klassisk amerikansk, hierarkisk modell. Sjølv om eg i dag er bore- og vedlikehaldsoperatør, er moglegheitene veldig store for å få opprykk seinare. Du har heile tida moglegheit til å utvikle deg og få meir ansvar slik at du kan ende opp i leiarstillingar.
Programleiar: Veronica trur det kan vere lurt å tenkje på karrieremoglegheiter litt tidleg, sjølv om ho ikkje gjorde det sjølv.
VH: Eg opplever i stadig større grad at arbeidsgivarar kanskje forventar at ein ønskjer å utvikle seg. Det vil alltid vere ein fordel for ein arbeidsgivar å ha tilsette som vil vidare, for det er jo noko dei treng. Når du byrjar som bore- og vedlikehaldsoperatør, treng du først erfaring som det for å kome deg vidare. Sjølv byrja eg ikkje å tenkje på dette tidleg. Eg visste jo ikkje heilt korleis hierarkiet var då eg kom frå skulen. Det var noko eg fann ut ganske tidleg då eg kom hit, naturlegvis. Det gjekk to–tre år, og så tenkte eg at det hadde vore artig å kome vidare og kjenne at eg får utfalde meg ved å få tillit og ansvar i eit miljø med høgrisiko. Bransjen er jo høgteknologisk, og det krev mykje av deg som menneske. Eg ser at det er artig for mange – meg sjølv inkludert – i alle fall å få moglegheita. Dersom ein vil vidare, vil eg absolutt tilrå å tenkje på det så fort som mogleg. Ein treng òg litt meir skule dersom ein skal kvalifisere seg til opprykk. Dersom ein står på og opparbeider seg nok kompetanse, så kan ein få opprykk ganske fort.
Programleiar: Ein annan ting Veronica liker godt med jobben, er det tydelege skiljet mellom jobb og kvardagsliv.
VH: Dei fleste av oss jobbar turnus, og eg trivst veldig godt med at jobb er jobb, og at skiljet mellom jobb og kvardagsliv blir veldig tydeleg. Når vi er ute på plattforma, blir det så tydeleg at ein er i si eiga vesle boble der det er arbeid som er det viktigaste. Og så er det veldig herleg å kunne sleppe alt når ein kjem heim og vite at no er det så og så mange veker til neste gong.
Programleiar: I ein jobb der risiko er ein faktor, er det lett å tenkje at ein er mykje redd. Det har ikkje Veronica opplevd.
VH: Vi legg enormt stor vekt på tryggleik. Vi snakkar om det i samband med alt vi gjer og stoppar opp ved alle endringar og diskuterer korleis vi skal handtere det: Kva er den nye risikoen? Har det oppstått ny risiko? Kva gjer vi? Og ikkje minst har vi beredskapsoppgåver alle saman. Vi trener ofte på ulike scenario og korleis vi skal handtere dei. Når det oppstår situasjonar som eigentleg kan opplevast som litt skumle, trur eg at vi er så godt trent på det. Det kan kanskje samanliknast med brannmenn og politimenn som veit kva dei skal gjere. Så framfor å gå inn i eit modus der ein er redd har lyst til å flykte, så går ein inn og gjer det ein har trent på å gjere. Så eg vil ikkje seie at eg har kjent meg så veldig redd på jobb.
Programleiar: Og til slutt har Veronica gode råd til alle som drøymer om ein arbeidskvardag offshore.
VH: Stå på, først og fremst! Og så trur eg ein må vere førebudd på å gi alt. Det kan vere ganske harde arbeidskvardagar – vi har jo ein veldig fysisk jobb. Dette kan eg ikkje få sagt nok: Det er veldig viktig å vere open for andre sine erfaringar, heilt uavhengig av kor lang erfaring og kor mykje kompetanse du har. Dersom du vil ut i Nordsjøen, må du ha respekt for risiko, vere open for å tilpasse deg behovet til fellesskapet og vere innstilt på både lange dagar og rolege dagar. Lær deg litt om risiko og kor høgt prioritert tryggleik er, for det kjem vi ikkje unna – noko som vi skal vere veldig glade for. Eg tenkjer òg at det kan vere greitt å førebu familie og vener på kva det inneber å ha ei turnusstilling, og elles finn ein ut av det meste på vegen.
Produsert av Både Og for NDLA