Hopp til innhold
Bokmål

Fag

Læringssti

Vanlege nynorskfeil 3: pronomen og bestemmarord

Laget av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist oppdatert 22.04.2026
Oppgave
Interaktivt innhold
Tilleggsstoff

Bestemmarordet nokon

I bokmål bruker vi "noe" og "noen" som bestemmarord. I nynorsk har vi fleire former av nokon.

Bestemmarordet nokon bøyer vi slik på nynorsk:

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Har du nokon bil?

Har du noka dotter?

Har du noko hus?

Vi har nokon bøker

I bokmålssetninga “Jeg har noe rart under foten”, står “noe” åleine. I slike tilfelle set du om med “noko”:

  • “Eg har noko rart under foten”.

Vi bruker også noko saman med uteljelege substantiv, same kva slags kjønn dei har:

  • Har du noko mjølk? Nei, eg har ikkje noko mjølk.

Øving

Skrevet av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 23.08.2019