Oppgave
Interaktivt innhold
"Han" eller "ho" for "den"
"Den" er ikkje eit pronomen i nynorsk. I staden nyttar vi "han" eller "ho".
Forskjell på bokmål og nynorsk
På bokmål bruker vi pronomena “han” eller “ho” når vi omtaler ein person, og pronomenet “den” når vi omtaler dyr, ting osb.
- Jeg har kjøpt ei ny bukse. Den er veldig fin!
- Har du sett sekken min? Den er blå.
På nynorsk unngår vi å bruke “den”, vi bruker “han” eller “ho”. På nynorsk skriv vi:
- Eg har kjøpt ei ny bukse. Ho er veldig fin!
- Har du sett sekken min? Han er blå.
Vi bruker altså ikkje “den” som pronomen i nynorsk. Men vi bruker “den” som peikeord:
- Den såg eg ikkje komme!
- Den sekken her er kanskje din?
- Den raude genseren er favorittgenseren min.