Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Gender Me

I dokumentarfilmen Gender Me får du eit innblikk i liva til fleire homofile menn med muslimsk bakgrunn. Mansour kom til Noreg som flyktning frå Iran for mange år sidan. I filmen møter han andre homofile flyktningar som òg bur i Noreg, ein amerikansk imam og unge dragartistar frå Istanbul.

Om filmen

Dokumentarfilmen Gender Me presenterer oss for historiene til fleire homofile med muslimsk bakgrunn.

Mansour Saberi er homofil flyktning frå Iran. Han har budd i Noreg i snart 20 år. Gjennom filmen følger vi Mansour på besøk hos dragartistar i Istanbul. Vi blir òg med då han får besøk av den homofile imamen Daayiee Abdullah.

Gender Me er laga av den tyrkisk-norske filmskaparen Nefise Özkal Lorentzen. Filmen er den første filmen i Lorentzens dokumentarfilm-trilogi om islam og kjønn. Dei to andre filmane i trilogien er En ballong til Allah og Manislam.

Homofili og islam

Gender Me løftar viktige problemstillingar knytte til islam og seksuell legning. Filmen viser mellom anna kor vanskeleg det er å stå fram som homofil i islam.

Det finst framleis strengt religiøse land i verda der homofile kan bli dømde til døden på grunn av legninga si. På grunn av dette flyktar fleire muslimske homofile frå heimlandet. Andre vel å skjule den seksuelle legninga si, eller dei prøver å undertrykke ho.

Gjennom Mansours menneskemøte i filmen får vi ta del i sterke historier om eit tabubelagt tema, historier som sjeldan har vorte fortalde tidlegare.

Relatert innhald

Gjennom ei reise frå Oslo til Kairo og Istanbul utforskar dokumentarfilmen rolla til kvinner i islam.

Manislam er ein dokumentarfilm om menn og maskulinitet i islam.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 05.04.2022

Læringsressursar

Menneskerettar