Hopp til innhald

Spelefilm

The Florida Project

The Florida Project er ein amerikanske spelefilm frå 2017 om fattigdom, barndom, draumar og samhald. Filmen er regissert av Sean Baker.

Om filmen

På eit lite, billeg motell utanfor Disney World i Florida bur seks år gamle Moonee med den unge mora si. Dei har omtrent ingen pengar, og mora hennar må bruke kreative metodar for betale for rommet dei bur på.

Pengar er ikkje ei bekymring for Moonee, som bruker sommarferien på å leike og dra på eventyr med dei andre barna som bur på motellet.

Motellstyraren, som blir spelt av Willem Dafoe, tek på seg rolla som ein slags farsfigur for dei mindre privilegerte gjestene sine.

Barndom og fattigdom

Handlinga i filmen blir fortald i hovudsak frå perspektivet til barna. Moonee leikar med venene sine i skuggen av Disney World. Ho drøymer seg bort og er full av håp for framtida.

Sjølv om kvardagen til Moonee er fylt med leik, så veks ho opp i djup fattigdom. Det er vanskeleg å førestille seg at Moonee skal kunne få eit betre liv, utan hjelp utanfrå.

Filmen reiser viktige spørsmål knytt til oppvekst, fattigdom og rettane til barn.


CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Menneskerettar