Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Manislam

Manislam belyser korleis fleire muslimske menn kjempar for likestilling i ein religion der mange meiner kvinna skal vere underlegen mannen.

Om filmen

I denne dokumentarfilmen snakkar regissør Nefise Özkal Lorentzen med menn om likestilling i islam. Ho besøkjer ei rekkje ulike muslimske menn i Tyrkia, Indonesia, Kuwait og Bangladesh.

Ein av dei lagar teikneseriar som fremjar mangfald, ein demonstrerer for likestilling i miniskjørt, ein bruker brettspel for å utfordre unge menn i likestillingsspørsmål, mens ein annan meiner det er både skulda til mannen og kvinna at kvinner blir valdtekne.

Manislam – om menn og maskulinitet i islam er den siste filmen i ein trilogi frå regissør Nefise Özkal Lorentzen, der alle tre dokumentarane set lys på ulike aspekt av islam og kjønn.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Menneskerettar