Hopp til innhald

Kortfilm

Et dukkehjem

I kortfilmen Et dukkehjem frå 2013 møter vi Nora og Helmer frå Ibsens drama. I denne filmatiseringa har dei berømte hovudpersonane blitt dokker i eit dokkehus.

Om filmen

I denne kortfilmen er Nora og Helmer dokker som bur i eit dokkehus på rommet til ei lita jente. Når jenta ikkje leikar med dokkene, blir dei levande. Livet til dokke-Nora verkar heilt perfekt. Ho har ein flott mann og eit plettfritt hus, og i kveld skal ho og mannen Helmer ha gjester.

Det er likevel noko som ulmar under overflata. Nora kjenner seg ikkje heilt som seg sjølv, og Helmer vil helst bestemme kva ho skal ha på seg. Middagsselskapet den kvelden blir ikkje heilt som forventa. Samtidig går det føre seg eit anna drama på utsida av dokkehuset.

Det er den danske regissøren Tobias Gundorff Boesen som har regissert kortfilmen, som byggjer på Henrik Ibsens kjende skodespel, Et dukkehjem, frå 1879.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.12.2021

Læringsressursar

Filmatiserte bøker